6. divisjon menn, avdeling 4
Bjoa/Vikebygd – Falkeid 1-5 (1-1)
To gule kort til Falkeid
Eit gult kort til Øyvind Sjo, Bjoa/Vikebygd.Om lag 15 tilskodarar
Bjoa/Vikebygd hadde ingen spelarar frå Vikebygd med seg på fredag. Klokka 15.00 fredag hadde spelande trenar Tormod Sandsgård sju mann som han visste kunne stille til kamp. Det seier litt om spelarsituasjonen til laget. To spelarar som ikkje har vore med og trena i år, måtte stille til start.
Starta godt
Dei første minuttane var jamne. Begge laga kjempa godt, og til slutt var det Bjoa/Vikebygd som fekk uttelling. Etter eit fint innlegg tuppa Willy Solheim ballen elegant bak Falkeidkeeperen.
Heimepublikummet trudde knapt det dei såg.
— Himmel og hav! Me leiar! Kva skjer? utbraut ein av dei frammøtte.
Gode resultat på fotballbanen er noko som lenge har vore ei mangelvare i bygda.
Bjoa/Vikebygd heldt fram med godt og offensivt spel, men vart etterkvart meir og meir baktunge. Eit kvarter etter utlikninga blei det jubel i Falkeidleiren. Stillinga var 1-1, og den held seg ut omgangen.
Etter ein liten pust i bakken var det igjen fres over heimelaget. Ein tent John Steinar Thomassen kom innpå. Han starta svært godt, og var eit forstyrrande moment for Falkeidspelarane. Etter fem minutt fekk Bjoa/Vikebygd corner. Den blir heada i tverrleggjaren og ut til ny corner. Dette var kampens største heimesjanse. Berre to minutt etter fekk Falkeid straffe, som dei skaut i mål.
— Heia Bjoa! Eit mål til no, så får me i alle fall eit poeng, kom det frå energiske tilskodarar.
Tom tank
Heiaropa frå sidelinja hadde ei viss innverking. Heimelaget kjempa, og det var til tider svært aggressivt på banen. Dommaren burde nok ha delt ut litt fleire kort for å roa gemytta. Etter omlag tjue minutt i andre omgang, var det som om lufta går ut av heimelaget. Det eine målet etter det andre rulla inn for Falkeid. Eitt minutt før slutt avslutta Falkeid med ei perle av ei scoring; Eit frispark som runda muren og gjekk inn nede i hjørnet. Kampen enda 5-1 til Falkeid.