Kreftsjukepleiar i Ølen

— Me søkte om midlar frå Staten til dette formålet, og fekk full pott. Det […]

— Me søkte om midlar frå Staten til dette formålet, og fekk full pott. Det at me hadde Grete Sørhus, som er nyutdanna kreftsjukepleiar, tilgjengeleg, gjorde nok søknaden ekstra god, seier pleie- og omsorgsleiar, Synneve Brendsdal nøgd.
Ølen kommune fekk tildelt heile 450.000 kroner.
— Me fekk like mykje midlar som Haugesund kommune, det er svært bra i forhold til folketalet, seier Brendsdal.
Grete Sørhus starta i stillinga i slutten av august, og held hus ved omsorgssenteret i Ølen.

Ein koordinator
Ein kreftsjukepleiar er ein spesialsjukepleiar med vidareutdanning innan kreftbehandling og sjukepleie til kreftpasientar.
— Eg fungerer i hovudsak som ein slags koordinator mellom pasient og sjukehus, fastlege, fysioterapeut, prest, Den norske kreftforeininga, trygdekontor og heimesjukepleia. Ein stor del av jobben min går òg ut på å vera ein samtalepartnar. Kreftpasientar opplever ofte kriser og har stort behov for å snakka med nokon, seier Grete Sørhus.
Ein kreftsjukepleiar gjer råd om kost og ernæring og hjelper pasienten til å vera heime så lenge som råd, dersom han ynskjer det.

Hjelp til pårørande
Det å hjelpa pasientane til å oppnå maksimal lindrande behandling, er òg ein viktig del av jobben.
— Det er ofte svært ulikt kva smertelindring den enkelte opplever som best. Eg hjelper til med å finne den rette medisinen. Kreftsjukdomen fører ofte med seg store smerter, spesielt mot slutten. Mange trur at slik må det vera, men det er ikkje sant. Det er mange måtar å lindra på, og eg er svært opptatt av å finna den beste måten til kvar enkelt, seier ho.
Ho er òg tilgjengeleg for dei pårørande når kreftsjukdomen dukkar opp. Grete Sørhus er til støtte for barnefamiliar der mor eller far har fått kreft, eller hjelper foreldre dersom borna deira blir ramma av sjukdomen. Det er ein tøff og krevjande jobb, men Grete Sørhus trivst svært godt.
— Det eg set mest pris på i den nye jobben min, er at eg nå har tid til den enkelte pasient meir enn før, seier ho.

Høg kompetanse i Ølen
Ølen kommune tilbyr ein spesialkompetanse som er svært viktig. Det er dokumentert at krefttilfella berre ville auke med åra.
— Norsk foreining for palliativ medisin anbefalar alle kommunar å ha ein kreftsjukepleiar. Eg trur at det snart blir eit krav at alle kommunar skal ha eit slikt tilbod, seier Synneve Brendsdal.
— «Kreftpasienten er skipper på eiga skute, men kreftsjukepleiar kan vera los i uryddig farvatn», dette er eit sitat som beskriv arbeidet mitt svært godt, seier Grete Sørhus.