Krev ny tunnelmåling

— Det er mest eit hån mot Stortinget at denne saka har hamna på bordet […]

— Det er mest eit hån mot Stortinget at denne saka har hamna på bordet til dei folkevalte. Statens vegvesen må ta skulda for at problematikken kring tunnelhøgdene over Haukeli har vorte høyringsmat, meiner administrerande direktør i Norges Lastebileigarforbund (NLF), karmøybuen Gunnar Apeland. På oppdrag frå NLF har eit privat selskap målt høgdene i tunnelane over Haukeli med laser, og kome fram til at dei heilt utan problem kan køyrast av bilar som er 4 meter og 10 centimeter høge. Heile døgeret, og utan at køyringa må skje midt i tunnelane.
Innan to veker
— No ber me enkelt og greitt om at Statens vegvesen målar på nytt, og gjerne i kompaniskap med oss. Men det er null respons på desse utspela, fortel Apeland. Noko som fekk rimeleg mange garva samferdslepolitikarar til å rista på hovudet. Saksordførar Jorunn Ringstad (Sp) var definitivt mellom dei som reagerte på at saka i det heile hadde kome til Stortinget og samferdslekomiteen.
— Eg er veldig på linje med dei som vert forundra over at vegstyresmaktene har slik ein total mangel på kommunikasjon med alle dei andre aktørane, seier Ringstad. Ho lova at komiteen ville koma med ei innstilling i løpet av to veker. Ei innstilling om kor vidt Haukeli på ny kan opnast for køyrety inntil 4 meter og 20 centimeter? Det er kravet i eit privat Dokument 8-forslag som er reist av ein del stortingspolitikarar på tvers av partigruppene.
Svært nyttig
Dagleg leiar i AS Haukelivegen, Børge Skårdal, er svært positiv etter høyringa i hovudstaden.
— Det kom nok ikkje fram noko nytt som Statens vegvesen ikkje kjende til, men det hjelper kanskje litt på at dette også vart kjend for rikspolitikarane våre. Me håpar og trur at vegen over Haukeli snarast råd vert opna for vogntog og bussar inn til 4,20 meter. Heile døgeret.
— Eg ønskjer ikkje å spekulera i om det ligg ein politisk strid bak denne motviljen for å få fram korrekte tunnelmålingar på Riksveg 134 over Haukeli. Men ingen er tente med at store vogntog vert omdirigerte og må køyre både ti og tjue mil ekstra på vegen mellom aust og vest. Det vert sjølvsagt både dyrare og mindre miljøvenleg, hevdar Skårdal.
— Eit politisk spel
Samferdslesjefen i Norges Miljøvernforbund, Per Nordø, var også invitert til høyringa. Han var slett ikkje i tvil om at Haukelivegen er offer for eit politisk spel.
— I to månader har eg arbeidd med ein granskingsrapport. Der går det klårare og klårare fram at det er eit nettverk der vegdirektør Olav Søfteland, regionvegsjef Ole Chr.Torpp, leiar Lars Sponheim og generalsekretær Terje Breivik, begge i Venstre, samt Knut Arne Gurigard i Hallingrådet, alle står sentralt. Dei ønskjer å styrkje Riksveg 7 over Hardangervidda, og gjer sjølvsagt det dei kan for å stikke kjeppar i hjula på trafikken over Haukeli, meiner Nordø.
— Draumen om ei Hardangerbru er framleis sterkt levande i dette miljøet.
For kort tid sidan oppdaga ein at det på kvar side av ein tunnel mellom Lyngdal og Feda på E38 var skilta svært så originalt. Den eine vegen var det lov å køyra med vogntog inntil 4,20 meter, medan det den andre vegen var skilta ei øvre grense på beine 4 meter. Det var då kontrollmålingane med såkalla gjennomgåande laser starta. Dei konkluderte raskt med at det ei rekkje stader var langt betre klaring enn det skiltinga tilseier. Slik også i tunnelane over Haukeli. Medan region sør raskt svara på AS Haukelivegen sitt brev om nye, felles målingar, er det enno ikkje kome ein bokstav i retur frå Ole Chr.Torpp i region vest. Og det på eit brev som vart sendt i desember i fjor.
— Det positive er at det ikkje har vore kontrollar i tunnelane sidan 2. desember. Det er også positivt med dei sikringstiltaka som er sette i verk. Fartsreduksjonar og ljosvarsling gjer møtet med store vogntog mindre skremmande for vanlege bilistar, meiner Skårdal.
— Men kvifor Statens vegvesen ikkje inviterar til nye målingar av tunnelhøgdene omgåande er for oss ei stor gåte, meiner dagleg leiar i AS Haukelivegen, og mange med han.