Krev rettferdig skatt i ny kommune

No er sjansen til å få ei meir rettferdig ordning for eigedomsskatt, meiner Øyvind Heggebø, […]

No er sjansen til å få ei meir rettferdig ordning for eigedomsskatt, meiner Øyvind Heggebø, Gro Inger Hvidsten, Any Tordis Heggebø og Henrik Eide som bur på toppen i skråninga ved Ølen kyrkje.
Kyrkjehompen er eit byggjefelt frå tidleg 80-tal, og er privat. Difor betaler dei ni husstandane i Kyrkjehompen vel både vedlikehald, brøyting og gatelys. I motsetnad til kommunale felt der kommunen betaler alt.

Kontrast til Ølensvåg
Nokre kilometer lengre vest er det langt større kommunale feltet Vågshagen i Ølensvåg. Dei betaler ingen eigedomsskatt og har gratis brøyting, gatelys og vedlikehald av vegen.
— Så lenge ein betaler eigedomsskatt bør ikkje kommunen gjere forskjell på private og kommunale felt. Det bør vere likt, meiner Any Tordis Heggebø.
Men alle fire synst det blir ein grell kontrast mellom Ølen og Ølensvåg, sjølv om dei ikkje har eit felles svar på korleis dei meiner kommunen bør handtere forskjellane mellom bygdene i nye Vindafjord.
I nye Vindafjord er det i dag berre folk som bur i og rundt Ølensjøen som betaler eigedomsskatt.

Betaler sjølv
— Vi har tatt opp forskjellen mellom oss og kommunale felt, men vi har aldri fått positiv respons. Det er sikkert andre område i Ølensjøen som er i same situasjon som oss og føler det er urettferdig. No bør dei gripe denne sjansen til å gjere det meir rettferdig for oss som betaler eigedomsskatt. Alle bør få det same servicenivået, seier Gro Inger Hvidsten.
Kyrkjehompen vel har nettopp fått ein faktura på nesten 30.000 kroner for utbetring av vegen. Dei årlege utgiftene med brøyting, straum og vedlikehald er ein plass mellom 12.000 og 15.000 kroner.
Dei fleste huseigarane i Ølen betaler mellom 1.200 og 1.500 i eigedomsskatt i året.
— Med ny takst som er på trappene blir det sikkert dyrare, seier Øyvind Heggebø.

Ser ingen forskjell
Dei fire huseigarane ser ikkje den store forskjellen på dei som bur i Ølen kontra Skjold, Ølensvåg, Sandeid eller Vikedal.
— Eg ser ikkje noko spesielt med Ølen i høve til dei andre bygdene. Heller ikkje Ølensvåg, det er ikkje så stor avstand. Det er sentrum og tettbygd der også. Det er ingen grunn til at nokon skal betale eigedomsskatt og andre ikkje, seier Øyvind Heggebø.
Men den ballen speler dei over til politikarane å meine noko bestemt om, og dei har liten tru på at eigedomsskatten i Ølen blir fjerna. Det viktigaste er at dei som betaler eigedomsskatt får får minimum av offentleg servicenivå i form av brøyting og gatelys der dei bur.
Ølen vedtok eigedomsskatt for kommunesenteret i 1994.