Krev ro i bygda

Ikkje sidan 2003 har det private vassverket halde årsmøte. 80 personar hadde møtt fram onsdag […]

Ikkje sidan 2003 har det private vassverket halde årsmøte. 80 personar hadde møtt fram onsdag då generalforsamlinga blei halden. Dei frammøtte gav uttrykk for at dei var lei av konfliktane og at det rammar Skånevik-bygda sitt rykte.
— Nå er det viktig å få fred og få ein slutt på splittinga i bygda. Det er punkt nummer ein for at folk skal bu her. Viss borna mine busett seg her, har eg ikkje lyst til at dei skal vera ein del av ein vassverksstrid, seier Elsa Eikemo Larsen til Grannar.
— Det er viktig å stola på styret nå, seier Anna Eriksen.
— Delt bygda
Det har dei siste åra storma i Skånevik Vannverk med årsmøte som ikkje er blitt halde i 2004 og forseinkinga i 2005, pluss rettssaka mot Milja gard. Nå er spørsmålet korleis skåneviksbuen skal klara å skapa fred i den vesle bygda. Eikemo Larsen og Eriksen er usikre på oppskrifta, men har eit forslag.
— Eigentleg burde kommunen overta vassverket på sikt, for freden si skuld. I Etne har dei eit kommunalt vassverk. Me burde og hatt det, slik at ein kan få vatn utan å bli dregen inn i denne konflikten, seier Eikemo Larsen.
Bodil Skumsnes var nøgd med at det endeleg blei halde årsmøte.
— Det var på tide. Eg synest møtet har gått bra for seg. Håper me får ro rundt vassverket nå. Dette har delt bygda i to. Synest det var greitt i dag at me fekk revisor og rekneskapsførar på plass slik at bygdefolket veit at rekneskapen er i orden så det ikkje er meir å spekulera i, seier Skumsnes.
Tillit
Det nye styret består av Harald Flatebø, Amund Enge og Torleif Bjerkreim (alle to år), Olaf Larsen og Håkon Matre (begge eitt år). Varamedlemmer er Ole Funderud og Victor Carlsen, valde for to år. Styret vel sjølv formann når det konstituerer seg.
Håkon Matre og Olaf Larsen tok attval og Larsen grunngjev attvalet sitt slik:
— Eg vil prøva å gjenreisa tilliten til vassverket etter problema i bygda med rykte, kritikk og avisskriverier, seier Larsen.
Avtroppande formann i vassverket, Geir Olsen, gav uttrykk for at vervet hadde tatt på.
— Eg bad på førre generalforsamling om å få fred til å driva med det me skal. Det har me ikkje klart på grunn av at me har måtta snakka med journalistar og advokatar. Det har vore ei ekstrem belastning, sa Olsen til generalforsamlinga.
På spørsmål om kvifor årsmøta ikkje er blitt haldne til rett tid, svarar Olsen:
— Det har vore mykje arbeid i denne perioden, både kontormessig og gjennom vassverket. Må hugsa på at me driv dette på kveldstid. Eg opplyste generalforsamlinga om at så lenge eg ikkje kan legga fram alle papira, kan me ikkje halda generalforsamling, seier Olsen til Grannar.

Roste styret
Ordførar Amund Enge har hatt møterett i styret som kommunen sin representant. Nå blir han fast mann i styret. Trass i manglande årsmøte, skrytte ordføraren av det avtroppande styret til generalforsamlinga.
— Det er ikkje tvil om at uansett kva som har stått i avisene og kor forarga ein har vore på kvarandre så har styret i vassverket gjort ein fantastisk jobb. Det herskar ikkje tvil om at dei gjer noko bra for bygda. Dei kan gå med hovudet heva. Om dei har gjort ting til rett tid, kan me diskutera lenge, sa Enge til forsamlinga.
Han ser det ikkje som utenkjeleg at kommunen i framtida kan overta det private vassverket.
— Me har tidlegare fått spørsmål om det. Då svara formannskapet at dei kan gjera det, men då må alt vera i orden i forhold til rettar og plikter. Me sa at me ikkje ville overta ei rettssak. Det er det ikkje lenger, så nå kan me tenka den tanken på nytt, seier Enge til Grannar.