Foreldrerådets arbeidsutval ved Vågen skule er glad for at Vindafjord kommunen saman med Statens vegvesen har planar om å byggja ein fotgjengarundergang på E134 i Ølensvåg sentrum.
Men foreldre meiner at dette prosjektet er alt for langsiktig i forhold til behovet for trafikksikring på denne strekninga. Derfor ber FAU ved Vågen skule no dei ansvarlege instansane om å satsa på mindre og meir overkommelege tiltak i mellomtida. For eit par veker sidan sendte foreldreutvalet eit brev til kommunen, Statens vegvesen og Statoil Service Ølensvåg der dei oppmoda partane til ein idédugnad rundt kva som kan verta gjort for å sikra barna mot den særs farlege trafikksituasjonen i Ølensvåg sentrum.
Ventar på svar
— Me har enno ikkje fått noko svar frå desse instansane. Eg veit ikkje kor mykje dei bryr seg å svara, men me håpar verkeleg at dei gjer det. Den planlagde undergangen på E134 ved Statoil er ein god ide, men det har ikkje vorte stadfesta når den vert bygd, eller korleis den skal finansierast. Trafikksituasjonen her er så kritisk at me treng sikringstiltak straks. Kvar dag er me vitne til nesten-uhell og mange av døma er rett og slett heslege. Me prøver å læra ungane å sjå begge vegar når dei går over gangsfelt, men me er ikkje garanterte at bilistane ser oss. Eg sjølv har opplevd at ein bil køyrde forbi ein annan bil som hadde stoppa for fotgjengarar. Det var nesten ikkje til å tru, men det er slike ting me opplever veldig ofte, seier leiar i FAU ved Vågen skule, Gunnlaug Habbestad.
Usynleg
På kveldstid er gangfeltet over E134 i Ølensvåg sentrum endå mindre synleg for bilistane, meiner Habbestad.
— Det er veldig forvirrande belysning på kveldstid. Gangfeltet er omringa av lys og reklame frå Statoil og Kiwi. Derfor meiner me at fotgjengarskilt med lys og rumlefelt på vegen ville hjelpa bilistane til å vera oppmerksame på fotgjengarfeltet. I eit møte med Statens vegvesen føreslo me å setja opp trafikklys og fartshumpar ved gangsfeltet, men fekk høyra at dette ikkje er tillate på Europavegar. Det er derimot mogleg å laga eit rumlefelt, men Statens vegvesenet har fått mange klager frå naboar til eit liknande prøvetiltak i Haugesund, fordi naboar klaga på støy, seier Habbestad.
Redusert fart
— Eg tykkjer at tryggleiken til skuleelevane er viktigare enn støyulemper, meiner Gunnlaug Habbestad.
FAU ved Vågen skule vil inngå dialog med Statoil Ølensvåg for å hindra parkering av store køyretøy nærme fotgjengarfeltet.
— Det ser ikkje ut som bilistane bryr seg om merkinga på asfalten og parkerer heilt inn til vegen. Då er ikkje det så enkelt å sjå ungane som skal kryssa vegen frå Statoil si side. Det hadde hjelpt med fysisk sperre for å ha orden i parkering. I tillegg føreslår me å setja opp ei sluse eller bøylar ved gangfeltet for å hindra ungane å sykla, eller springa rett ut på vegen, seier Habbestad.
Fartsgrensa på 40 kilometer i timen og hyppigare trafikkontroll står også på FAU si ønskeliste.
Bjoavegen
— Skulebussen som går til Bjoa stoppar ved blomsterbutikken ved Fv 543, og då må elevane kryssa to vegar. Gangfeltet som går frå Statoil og over fylkesvegen er endå meir utfordrande for ungane fordi der kjem det bilar frå minst tre retningar. På toppen av alt, kjem det snart Europris, og då vert det mange fleire bilar på fylkesvegen, pluss at innkøyringa til Europris vil ta ein del av gang- og sykkelvegen langs fylkesvegen, fryktar Gunnlaug Habbestad.