Krev svar frå Etne E-lag

Den 20. juni har Torleif Børve eit innlegg i Grannar under tittelen «utruleg men sant». […]

Den 20. juni har Torleif Børve eit innlegg i Grannar under tittelen «utruleg men sant». Eg oppfattar at han som innvald representant for medlemmene i laget gjer oss andre kjende med at alt ikkje er som det skal vera i laget. Etne E-lag hadde i utgangspunktet som formål å skaffa innbyggjarar og næring i Etne elkraft til sjølvkost eller rimeleg penge. Kva for andre formål som er inntatt i vedtektene den seinare tid, kjenner vel dei fåaste til.
I avrekninga frå laget går det fram at prisen me betaler i nettleige er ca. 50 øre pr. kwh. Av dette sit laget igjen med ca. 32 øre. Det er ikkje berre Etne E-lag som er komen i søkjeljoset for dei spørsmåla Børve reiser.
Avisene har i vinter skrive om møte i fleire kraftlag med høg temperatur. Nett no føregår ei rettsak i Sunnhordland tingrett. Det er tydeleg at det flyt romsleg med pengar rundt i desse laga. Nokre lag gir seg sjølv avlat gjennom å dela ut romslege gaver til gode formål.
Som Børve skriv: «Det er ingen som seier frå seg eit verv ved eit val.» Difor kunne det vore greitt om styret kunne gi medlemmene ei oppklaring/forklaring rundt laget si drift. Eit samandrag av regnskapet for siste år gjengitt i Grannar hadde vore fint.
I tillegg hadde det vore ynskjeleg å vita kor mange medlemmer laget krev fastleige for. Kva skal denne fastleiga dekka? Kor mange kwh fakturerer laget nettleige for? Kva er det E-laget studerer i utlandet? Har e-laget fleire turar til utlandet enn den som Børve omtaler dei siste 5 åra? Kva innverknad har konsesjonskrafta til Etne på kraftprisen som laget tilbyr medlemmene? Kven utfører revisjonen for laget?
Eg ber om svar gjennom Grannar.

Olav Sørheim
Etne