— Området er karakterisert som eit potensielt rasfarleg område, seier Sveinung Sæle, overingeniør ved beredskapseininga hos fylkesmannen i Hordaland.
På bakgrunn av dette har fylkesmannen fremja motsegn mot planen, og krev ei meir detaljert vurdering av den potensielle skredfaren. Geolog må difor inn og vurdera rasfaren.
— Viss det er skredfare, må me vurdera kor omfattande det er, og om det går an å koma inn med tiltak som gjer eventuelle skred mindre, eller me må vurdera moglege skredtiltak, seier Sæle.
Han understrekar at området med potensiell skredfare er eit lite område. Det utgjer ca. 10 daa av reguleringsplanen som totalt omfattar 240 daa. Det er lagt opp til ca. 65 tomter i planen, men talet kan aukast til 80.
Dersom skredfaren er reell, kan det også i følgje Sæle vera eit alternativ å kutta ut den delen av reguleringsplanen.
— Er dette noko kommunen burde ha sjekka på eit tidlegare tidspunkt?
— Ja, kommunen burde ha sjekka det. Dette er veldig lett tilgjengeleg informasjon. I utgangspunktet er det eit krav til risiko- og sårbarleiksanalyse til arealplansaker, seier Sæle.
Vil ha ut 30 daa
Landbruksavdelinga hos fylkesmannen i Hordaland ber også om at ca. 30 daa blir tatt ut av reguleringsplanen. Landbruksavdelinga har laga eit framlegg til kjerneområde landbruk i Etne, og delar av planområdet som er i strid med overordna plan er definert innan kjerneområde landbruk. Framlegget er derimot ikkje politisk behandla i Etne endå.
— Det er vårt faglege råd til kommunen å ta det ut. Kommunen kan velja å sjå bort frå det, men me håper dei følgjer rådet vårt. Dette området er delvis samanfallande med området som har potensiell skredfare, seier Aslaug Aalen, sakshandsamar ved landbruksavdelinga hos fylkesmannen i Hordaland.
Overraska
Odd Inge Vestbø, fagansvarleg plan og bygg i Etne kommune, seier at dei følgjer opp kravet frå fylkesmannen om skredfarevurdering.
— Me har ikkje vurdert området til å vera utsett for skred og var litt overraska då me såg skredkartet til NGI (Norges Geotekniske Institutt), seier Vestbø.
Han seier at kommunen ikkje kjem til å gjera endringar i tråd med synspunkta til landbruksavdelinga hos fylkesmannen. Det vil i så fall bety 15-20 færre tomter.
— Me beheld forslaget. Me meiner me har så mange gode grunnar for å ha det med. Grunneigaren, som i dag eig det, ønskjer å selja området, fordi det ikkje er det mest verdifulle området hans. For å få ein akseptabel pris på tomtene, må me også ha fleire å dela utgiftene til veg, vatn og kloakk på, seier Vestbø.
I første omgang blir dette opp til Komité Natur å avgjera.
Krev vurdering av skredfaren
— Området er karakterisert som eit potensielt rasfarleg område, seier Sveinung Sæle, overingeniør ved beredskapseininga […]