Krig og sild

Den vart laga til og servert i alle fasongar. Me kjøpte tre kassar med store […]

Den vart laga til og servert i alle fasongar. Me kjøpte tre kassar med store sild og to kassar med fisk (sei) kvar vinter. Noko av silda vart salta og noko vart røykt og hengt opp som lubbesild. Fisken vart hengt opp på løeveggen til tørk.
Me åt mykje poteter, kålrot og gulrøter, og maten smakte alltid godt når me kom svolten inn frå arbeid. Brødmaten var det dårligare med, den fekk me lite av og den var dårlig. Smør var me forutan i lange tider.
Kjøtt var det vanskeleg å få tak i, men hadde du noko å bytta med så fekk du gjerne ein lammeskrott for litt tobakk. Dei som hadde brennevin kunne skaffa seg litt av kvart.
Stort sett så klarte me oss bra under krigen, men me vart glad når freden kom, og me fekk normale tider att. Det er rart nå å tenkja attende på korleis me hadde det i krigsåra, frå ei tid med gode og dårlige minner.

Ingvald Åsheim