— Krigserklæring frå Posten

— Dette er den reinaste krigserklæringa. I ein kombinasjon av rå marknadsmakt og tilnærma monopol, […]

— Dette er den reinaste krigserklæringa. I ein kombinasjon av rå marknadsmakt og tilnærma monopol, tek Posten ytterlegare kvelartak på fleire av medlemmene våre, seier Rune Hetland.
Temperaturen er på ny veldig høg, og både LLA-generalen frå Bjoa og Olav Bergo i MBL, er i harnisk. Dei meiner Posten sjølv ikkje er viljug til å koma med motytingar av noko slag.
— Posten med tusenvis av tilsette skuldar på kapasitetsproblem. Kva skal ei avis med to, tre tilsette seia? Der dei økonomiske realitetane frå før er knalltøffe, og der portoauken dei to siste åra allereie har teke alt som måtte vera av overskot. No må styresmaktene på bana. Dette kan berre ikkje halda fram, tordnar Hetland.
I gjennomsnitt er den varsla portoauken 9,5 prosent. Men for eindagsaviser, og enkelte såkalla meiningsberande aviser, kan portoauken for neste utgjera borti 200 prosent.

Er over
— Eg skal ærleg medgje at reaksjonane og kraftsalvene har vore enorme. Eg skjønar at dette er tøft for ein del aviser og tidsskrift som berre kjem ut ein gong i veka. Men av dei om lag 200 avisene me framleis distribuerer, er det berre 17 som får ei stor påplussing på portorekninga. Trøysta får vera at no er det slutt med ekstraordinære tiltak. Det treårige opptrappingsprosjektet vil vera over i 2006. Med det har me også følgd opp konsesjonen som Posten fekk i 2001. Der stod det at prisinga av avisdistribusjon må vekk frå eit kulturpolitisk leie, og over på eit nivå som gjer at andre aktørar også kan konkurrera med Posten om desse tenestene. Der meiner me å vera når dei nye takstane for 2006 er på plass, seier informasjonsdirektør Elisabeth H. Gjølme.

Politisk endring
— Eg tykkjer det er rart at Posten får så mykje pepar, når me eigentleg ikkje gjer anna enn å tilpassa oss den konsesjonen som Samferdsledepartementet gav i 2001. Og som Post- og teletilsynet minna oss om i 2003. Me ønskjer svært gjerne å distribuera mykje aviser også i åra som kjem. Men me kan ikkje hjelpa dei som slit økonomisk i dag. Det er berre politikarane som kan gjera noko med den situasjonen. Enten gjennom auka presse/porto-støtte, eller med at det vert meisla ut ein ny konsesjon til oss, seier Gjølme.
— Vi har lagt oss på eit kostnadsbasert system. Innhaldet i sendinga er ikkje lenger avgjerande for prisen.

Vert straffa
Rune Hetland meiner Posten skjuler seg bak konsesjonen nett når det passar dei.
— Dei som brukar annan distribusjon enn Posten lokalt, vert straffa med skyhøge takstar på den delen av opplaget som skal sendast ut av kommunen eller tettstaden. Der dei faktisk ikkje har noko reelt val. Og for mange av dei små lokalavisene er det ikkje noko alternativ til Posten, meiner generalsekretæren. Og legg til:
— Posten seier at kvar avis kan forhandle fram totale distribusjonsavtalar, basert på objektive kriterier. Eg vel å kalla det for rå maktbruk.
På eitt område er Hetland heilt i takt med Gjølme.
— Politikarane må på bana. Aller helst for å ta nye grep om Posten. Det er det einaste som på sikt vil gagne avisene våre.

PS. Posten Norge har etter tredje kvartal i år eit resultat på kring éin milliard kroner.