Klokka 17.43 høyrde folk på Grindheim og Håfoss i Etne ein kraftig smell. Det viste seg at ein austlandsregistrert trailer hadde tatt mange meter av autovernet langs E134 før han pløgde vegskråninga og hamna i hagen til eigarane av tidlegare Etne Meieri. Lege, ambulanse og mannskap frå Etne brannvesen kom raskt til ulukkesstaden.
Ansvarleg lege på staden, Eric W. Mills, seier situasjonen var svært dramatisk for sjåføren då lege og redningsmannskap kom til ulukkesstaden like før klokka 18.00 onsdag.
— Det var utruleg kritisk. Det var mest uråd å komma fram til sjåføren, som måtte skjerast ut av førarhuset. Men først måtte redningsmannskapet frå Etne brannvesen flytta store betongblokker som blokkerte for førarhuset, seier Mills. Han beskriv tilstanden til mannen som kritisk og alvorleg, med mellom anna fleire beinbrot.
— Kor hardt skadd han er det vanskeleg å seia her på ulukkesstaden. Han fekk nødvendig førstehjelp før han blei flytta over i luftambulansen der han fekk vidare behandling, seier Mills. Han gir stor honnør til ambulanse- og redningsmannskap for deira effektive og dyktige innsats i ein svært vanskelig situasjon.
Ansvarleg lege ved akuttavdelinga ved Rogaland Sentralsjukehus i Stavanger, opplyser onsdag kveld at tilstanden til den 39 år gamle mannen, er alvorleg, men stabil. Han blei om kvelden operert for brotskader.
Kritisk for trailersjåfør
Klokka 17.43 høyrde folk på Grindheim og Håfoss i Etne ein kraftig smell. Det viste […]