Trass i at kun 25 personar tok turen til folkemøtet i Skjold og 20 i Vikedal, var prosjektleiar Helge Thorheim nøgd.
— Eg synest det er veldig positivt at det så mange her, var hans kommentar til frammøtet.
Fem sentrale punkt for nye Vindafjord skulle takast opp saman med dei frammøtte, for orientering og diskusjon. Og folk deltok og stilte spørsmål.
Men alle var ikkje like positive. Det kom etter kvart fleire spørsmål frå irriterte personar som ikkje likte alt dei fekk høyra. Det at landbrukskontoret blir slått saman med blant andre plan- og bygningskontoret, var ikkje godt mottatt. Det blei vist til at når dei to kommunane til neste år blir slått saman, blir det den femte største landbrukskommunen i landet. Det blei peika på at blant anna bibliotek, kulturskule, psykiratri og dei funksjonshemma får kvar si avdeling, medan den største avdelinga av alle, landbruksavdelinga, etter omorganiseringa skal innehalde fleire delavdelingar. Fleire personar såg ikkje lyst på dette, og ville ha det annleis. Etter kritiske spørsmål frå salen, forklarte prosjektleiaren at i den nye organisasjonsplanen skal alt gå gjennom færre ledd for å nå opp til rådmannen.
— Plan- og bygningskontoret og landbrukskontoret jobbar med mykje av dei same sakene, m.a. arealsaker, og då kan dei dra nytte av å bli slått saman, hevda han.
PPT-tenesta til Vikedal
Kvar alt skal lokaliserast, er endå ikkje heilt bestemt, men det er sett opp plan over kva dei ulike bygningane i dei to kommunane skal innehalda. For at det skal bli mest mogleg økonomisk for nye Vindafjord, må broken av fleire bygningar kuttast ned. Eiotunet i Ølen blir senter for ordførar og rådmann med stab, rådhuset i Sandeid skal innehalde landbruksavdelinga og teknisk drift. I Vikedal vert det ei sosialavdeling, PPT, barnevern, psykiatri og avdeling for funksjonshemma.
Det at PPT-tenesta skulle leggjast til Vikedal, var ikkje bygdefolket i Skjold særleg fornøgde med.
— Skal me reisa frå Vikebygd til Vikedal til PPT-tenesta då, var eit spørsmål frå salen.
— Me må utnytta eigedomsmassen vår så mykje me kan. Om me utnyttar ressursane, gir det ein betre økonomi, var Thorheim sitt svar. Dei fleste på møtet var einige om at Vikedal var ein lite sentral plass å leggja denne tenesta. Etne har også inngått avtale med nye Vindafjord om å samarbeida om PPT-tenesta.
— Det er jo provoserande for etnebuen om de plasserer tenesta i Vikedal, var ein kommentar frå salen. Etter samtale med rådmannen i Etne, kunne prosjektleiar Thorheim fortelja at det måtte gå, sjølv om tenesta var plassert i Vikedal. Det viktigaste var at Etne fekk ei PPT-teneste.
— Når dei nye tilsette nå skal inn i nye Vindafjord, vil dei då få betalt matpause? Det var eit anna spørsmål frå salen, som det for tida også er stor debatt rundt. Men prosjektleiar Thorheim kunne fortelja at dei nye tilsette ikkje skulle mista dei godene dei har, p.g.a. at dette er ei verksemdsovertaking og at dei tilsette då får med seg rettar og plikter frå tidlegare tilsetjing.
Sovande utval
Kvar av dei ni bygdene i nye Vindafjord skal ha sitt eige grendeutval. Her ynskte prosjektleiaren innspel om korleis denne organiseringa skulle vera. Dei frammøtte var positive til eit grendeutval, og hadde lyst å prøva å få i gang noko.
— Me har alltid hatt eit sovande utval, og det har aldri vore noko fart på det. Men her er det også eit økonomisk spørsmål, sa ei kvinne frå Vats.
— Me tolkar forsamlinga positiv til å ha grendeutval, noko me sjølvsagt er fornøgde med, sa ordførar Arne Bergsvåg. Eit nytt tiltak som prosjektleiar og ordførarane ville arbeida meir med, var ungdomskommunestyre.
— Me kan ha det vanlege kommunestyret, og eit ungdomskommunestyre, der begge styra kan gjera vedtak i kommunen, forklarte prosjektleiar Thorheim. Sjølv om det knappast var nokon i salen som kunne stilt i eit ungdomskommunestyre, ville prosjektleiaren snakka med ungdommen på ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane om dette. Han fekk positive tilbakemeldingar til prosjektet.
Ølen sitt kommunevåpen
Kommunevåpen for den nye kommunen har lenge vore eit tema. Ti forslag er sende til riksarkivaren for vurdering. Av desse var det berre fire av forslaga som tilfredstilte krava til kommunevåpen og dermed kunne gå vidare i konkurransen. I salen på Skjold bygdehus var det tilnærma full semje om kva kommunevåpen som burde veljast.
— Me har fått kommunenamnet, derfor kan me nå ta med oss Ølen sitt kommunevåpen med nye fargar inn i nye Vindafjord, var tilbakemeldinga frå salen.
Har tru på samanslåing
I Vikedal tysdag kveld var det heller ikkje mange frammøtte. Rundt 20 personar hadde tatt turen for å høyra på og diskutera framtidsplanane til nye Vindafjord. Sjølv om det ikkje var den store diskusjonen i Vikedal, var stemninga til den nye kommunen god.
— Det ser greitt ut det som er lagt fram, var kommentaren frå personar i salen. Fleire politikarar hadde også tatt turen til Vikedal bygdehus.
— Me har stor tru på samanslåinga. Me vil hå eit senter i Ølen for å få ein optimal kommune. Men dei bygningane som står i Ølen, Sandeid og Vikedal vil me bruka for å oppretthalda arbeidsplassar og aktivitet i bygdene, sa kommunepolitikar Anita Heggebø frå Vikedal.
Også i Vikedal var det stemming for å bruka Ølen sitt kommunevåpen med nye fargar i det nye kommunevåpenet.