1. mai kom kulturminister Trond Giske med løfte om 700.000 kroner i støtte til ordninga i Rogaland, som etter planen skal innførast til hausten. Målet er at ungdom skal bruka kulturtilbodet meir. Tilbodet vil bli gitt til ungdom mellom 16 og 20 år i heile fylket.
— Fylkeskommunen føler dei har eit spesielt ansvar for spesielle grupper, og det gjeld vidaregåande skule-alderen, seier Svein Arne Tinnesand, leiar for allment kulturarbeid i Rogaland fylkeskommune.
— For det første skal det vera stor breidd i kulturtilbodet, frå populærtilbod som kino til teater- og orkesteropplevingar. Det andre kravet er at det skal vera eit godt tilbod til ungdom i heile fylket. Det skal vera eit godt tilbod til ungdom i Vindafjord og eit godt tilbod til ungdom i Stavanger, seier Tinnesand.
Kultur for ein femtilapp
Kortet skal vera eit kort for opplevingar og vil gjelda ved dei fleste kulturarrangement i fylket. Rabattkortet vil kosta 200 kroner i halvåret, og då kjem ungdom inn på kulturarrangement for ein femtilapp.
— Dette er eit stort kulturløft for ungdom i vår region, seier Tinnesand.
I tillegg til Rogaland er Nord-Trøndelag tatt ut som forsøksfylke. Også eit tredje fylke skal plukkast ut. Av totalt 1,2 millionar kroner får Rogaland over halvparten av potten.
— Grunnen er at me har både gjort mest på utredningssida og fordi fylkeskommunen har vist vilje og allereie sett av pengar på fylkesbudsjettet, seier Tinnesand.
Fylkeskommunen har sett av 900.000 kroner på årets budsjett til ordninga. Korleis det blir når for eksempel Vindafjord-ungdom vil på kino i Etne, er ei av utfordringane som må løysast. I følgje Tinnesand vil det vera mogleg med rabatt dersom Etne Kino går med på ei slik løysing.
— Viss det er det som gjer kortet attraktivt, har me i utgangspunktet ikkje noko i mot det, seier Tinnesand.
— Men kinoen i Etne får då eit problem i forhold til ungdom i sitt eige heimfylke, seier han.
Billegare
Åge Skjervheim (17), Runar Helgeland (17) og Jørn Laurits Strand (18) synest prisen på nokre kulturarrangement, spesielt festivalar, kan vera stiv. Dei er difor positive til at politikarane opnar lommeboka til fordel for ungdommen.
— Eg synest det er bra. Det kjem nok fleire folk når det blir billegare, seier Helgeland.
— Det er fint at det blir billegare å gå på kino. Det er greitt at politikarane gidd å tenka på oss, seier Strand.
— Viss det blir billegare å gå på kino, går eg kanskje litt meir, men det har ikkje så masse å sei om det kostar 75 eller 50 kroner. Me må komma oss til Haugesund uansett, seier Skjervheim.