Kommunen sine inntekter er i stor grad avhengig av tilskot frå staten for antall vinterfora Etnebuar.
Først yta, så nyta, heiter det. Det gjeld og frå kommunen si side, og eg meinar at det kommunen yt i denne samanheng vil ein nyta i fleire tiår, og at det vil kanskje vera rett å setje denne investeringa i eit 20 års perspektiv frå opningsdato.
Me har eit levemønster i stadig endring. I Europa er det berre Norge, Sverige og Polen som fortset å sentralisera, andre land desentraliserar.
Våre ungdommar som tek vidare utdanning utombygds, ven seg til kulturtilbud og idrettstilbud av god kvalitet, og ser fort på det heimbygda har å tilby når heimflytting skal vurderast. Barn og ungdom er i dag flinke til å bruke det som er av tilbud i bygda.
Så til tala. 17 mill. med renter og avdrag i 20 år og snittrente på 9% gjev ca. 1,86 mill. årleg i renter og avdrag. For dei pengane har me inkl.tilskot og eigeninnsats eit moderne kulturhus med ein lenge etterlengta idrettshall (til ein kostnad på 50 mill.) kvart år, og kanskje rentepengar til gode. Då er det ikkje teke hensyn til restverdien av bygget.
Så er det ostehøvelen då. Byggje rimelegare og spara pengar. Ja, det har nemda brukt mykje energi og tid på allerede, og spart store kostnader i høve til ynskjelista i utgangspunktet.
Oppgradering av kulturhuset og idrettshallen vil gi monaleg betre driftsinntekter, som igjen vil forsvare dei auka driftsutgiftene.
Konsekvensen av å skjere for djupt med ostehøvelen ser me nå på Kulturhuset i Suldal, der det 3 år gamle bygget nå bør utvidast for 10 mill. p.g.a. plassproblemer.
Dersom ikkje idrettshallen vert bygd, må kommunen ta kostnaden med oppgradering av den vesle utslitte gymsalen på Enge skule, og då fyk det fort 10 mill. som heller kan leggjast i dette prosjektet.
Kulturhuset har til nå klart seg med minimale tilskudd frå kommunen. Iherdig arbeidsinnsats og dugnadsarbeid har likevel gitt oss eit godt tilbod i åra som har gått.
Kan eit godt utbygd kultur- og idrettstilbud vere med å redusere faren for kostbare situasjonsbestemte strakstiltak som følgje av stadig meir utsekulert narkopress?
Regjeringa sin innovasjonsplan, «EUs Lisboa-strategi- hva gjør Norge» og utviklingstrekk i landbrukspolitikken, er interessant stoff som bør påverka kommunane sine valg av satsingsområde. Mi oppmoding til politikerane er: Sjå på kva plussfaktorar det nye kulturhuset med idrettshall vil tilføra bygda, og gi dei nødvendige godkjenningar for arbeidet med prosessen framover.
Leif Arne Løvereide