For ei tid tilbake mottok innbyggjarane i kommunen ei informasjonsbrosjyre om forprosjektet for nytt kulturhus med oppmoding om teikning av andelar i Etne kulturhus BA.
Først vil eg starte med å rosa medlemene i plannemnda for framifrå arbeid. Prosjektet er planmessig nøye gjennomtenkt og framstår i brosjyren som eit attraktivt bygg. Kostnadsoverslaget for bygget er kalkulert til om lag 50 millionar kroner, kor Etne kommune sin andel utgjer om lag 17 millionar kroner, eller 34 % av investeringskostnaden.
Etne kommune sin økonomi er alt anna enn god. Årsresultatet for 2003 var på om lag 1,9 millionar kroner. Hadde det ikkje vore for den låge renta, ville situasjonen vore langt verre. Etne kommune vil i løpet av 2004 passera ei renteberande gjeld på om lag 100 millionar kroner, eller vel 25.000 kroner pr innbyggjar. Ei deltaking i kulturhuset vil auka gjelda ytterlegare.
Etne kommune må tenke igjennom kva risiko dette representerer for den kommunale økonomien. Nedbetalingstida på dei kommunale låna ligg i dag opp mot 40 år, som igjen er eit resultat av at kommunen sin økonomi ikkje klarer å pleia lån med kortare nedbetalingstid.
Det er i dag ingen som trur på at renta i lang tid framover vil ligge på dagens nivå. Det er all grunn til å rekne med at den vil stige langsamt oppover. For kvart prosentpoeng, vil rentekostnaden til kommunen stiga me vel ein million kroner. Når privatpersonar skal låna kapital krev banken at dei må takla ein risiko på dagens rente, pluss fire prosentpoeng, eller kort sagt ei rente på 9 prosent. For Etne kommune vil ei slik rente vera ein katastrofe og medføra eit rentenivå på om lag ni millionar kroner. Eg kan ikkje sjå at kommunen verken i dag eller i dei kommande åra har råd til, eller kan ta risikoen med, å skyta inn 17 millionar kroner i prosjektet. Til det er det for mange primæroppgåver som ikkje blir løyste tilfredsstillande.
Eg synest me bør ta innover oss at me er ein liten kommune. Ølen og Vindafjord slår seg saman for å bli større. Slik regjeringa ser på kommunestrukturen, kan det sjå ut som om ei nedre grense på storleik vil liggja rundt 12.000 innbyggjarar. Dersom Etne ser mot Nye Vindafjord, vil me omtrent oppnå denne storleik. Skal eit kulturhus byggjast med det planlagte omfanget, bør dette vera ei felles storstove for dagens tre kommunar.
Eg vil oppmoda plannemnda til å gjennomføra ei behovsvurdering med tanke på forenkling. Eg skal vera samd i at det hadde vore kjekt med større kino, større bibliotek, enda betre musikktilhøve osv, men når me ikkje har råd så må me vera glad for det me har. Det Etne bygda ikkje har, er ein skikkeleg idrettshall.
Skånevik, 11.9.2004
Kristoffer Vannes