— Eg treivst godt i politietaten, men ein stod framfor ei ny tid, og eg fann det rett å slutte, seier tidlegare lensmann Oddvar Åsheim. Han kom til Etne frå politiet i Bergen i 1972. Det var den gong det endå var kontor i Skånevik, og det var lensmann Bernhard Hjelmervik som var sjef der.
Seinare vart Oddvar Åsheim å finne på kontoret i Etne, og dei siste 17 åra var han lensmann. Den utviklinga han har vore vitne til er stor, og han legg ikkje skjul på at han er litt bekymra for det som skjer rundt etaten i dag.
— Eg trur ingen i dag veit heilt kor vi landar, men eg meiner det er viktig for eit lokalsamfunn å ha ein nærleik til eit lensmannskontor. Det å kjenne kvarandre er bra. Dessutan trur eg at om det blir for lite bemanning blir det mindre interessant å arbeide der, seier han.
Leiar idrettslaget
Sjølv om Oddvar Åsheim har mange oppgåver som ventar på han i ein ny kvardag, er det ein ting han ikkje vil la gå frå seg, og det er samveret med barnebarna.
— Den nye fritida mi vil eg dele med barnebarna, eg ser på det som eit stort privilegium å ha barnebarna nær, å få meir tid til dei er verdfullt, seier han.
Interessant synest han også oppgåva som leiar i Etne idrettslag er. Laget har i dag over 600 medlemmer, fordelte på mange grupper. Berre fotballgruppa har i dag 25 lag med stort og smått. Turn og friidrett er òg grupper med mange aktive.
Som leiar ser Oddvar Åsheim at han av og til må vise seg blant dei.
Etne idrettslag er dessutan 75 år dette året, noko som vil bli markert med stor fest i Etne kulturhus 16. april.
Prosjektleiar
Det er etter oppmoding Oddvar Åsheim nå er å finne i ei 20 prosent stilling som prosjektleiar for kulturhusprosjektet.
— Eg var først leiar i plannemnda, og då eg vart spurt om å bli prosjektleiar, hadde eg høve til det. Dette er eit spennande prosjekt, og nemnda skal utarbeide eit framlegg til kommunen innan første halvår i år, seier Åsheim.
Hans oppgåve nå er å redusere prosjektet med minst 15 prosent slik kommunestyret har bede om. Han jobbar nå ut frå forprosjektet utarbeidd av kulturrådgjevar Rune Håndlykken og arkitektfirmaet Vikanes og Brekke.
— Det er dei som meiner kommunen ikkje har råd til dette i dag?
— Eg meiner det var eit like stort løft den gongen Etne samfunnshus vart bygd. Det er vanleg i eit så stort prosjekt og noko ein må ta med i ein slik prosess. Men det viser seg at der dei har fått bygd slike kombinerte hus for kultur og idrett, er dei veldig godt nøgde. Men det er klart det er store utfordringar når det gjeld drifta. Det er her vi må leggje fram tal som det er hald i, og kome fram til gode løysingar. Blir dette prosjektet lagt bort nå, vil det bli lenge før det blir tatt fram igjen. Men store delar av det politiske miljøet ser verdien i å få det på plass, og eg håper også næringslivet vil kome på banen, seier Åsheim.
Han nemner også arkitektfirmaet Snøhetta sine positive signal når det gjeld utviklinga i Etne gitt på Haugalandskonferansen nyleg, der Etne er sett på som eit interessant område.
— Det viser seg at godt utbygde anlegg innan idrett og kultur påverkar næringsutviklinga. Difor meiner eg det er viktig å få på plass ein fleirbrukshall. Ikkje berre idrett og kultur treng meir plass, men også for Etnemarknaden vil dette bli viktig, meiner Oddvar Åsheim.
Han nemner òg turnoppvisninga før jul, der lokalet i kulturhuset er sprengd.
Kulturhus og idrett
— Eg treivst godt i politietaten, men ein stod framfor ei ny tid, og eg […]