Kulturmiks fenga mange

Anita Haugland På sjølvaste valentinsdagen vart det arrangert kulturnatt i Etne. Intimkonsert i Lensmannskjellaren, kåseri […]

Anita Haugland

På sjølvaste valentinsdagen vart det arrangert kulturnatt i Etne. Intimkonsert i Lensmannskjellaren, kåseri og bokprat på folkebiblioteket, kaffidrøs, handarbeid, folketonar, kyrkjekonsert, lydinnspeling med rockebandet Caligvlas sisters, og mykje meir. Kulturnatta hadde noko frå tidleg til seint. På plakaten stod aktivitetar for både små og store, unge og gamle.

Intim stemning
På Etne Folkebibliotek stod Steinar Aalvik fram som ein munter kåsør med fin sjølvironi. I små lokale får publikum nærleik til scena, og denne kjensla var til stades både i biblioteket og i Lensmannskjellaren. Med fyr i peisen og viser på gammal engelsk, var det ikkje rart at Solveig Sørheim og Torbjørn Tveita Reiso hausta varm applaus frå publikum. Også dei andre som deltok nådde stor begeistring frå publikum.

Triks og snarvegar
I lokala til Etne Husflidslag på Meieriet var det også rom for kaffidrøs. I det innarste rommet kunne ein studere utsillinga «Kjøkken frå gamledagar», og her var det utstilt gamle vaffeljern, smørkinner, servise med meir. Her hadde ein også sjansen til å lære og hekle grytelappar.
— Me lærer ulike teknikkar av kvarandre, seier Brita Eikemo.
Saman med Sigfrid Hamre var ho godt i gang med hekling. Damene utveksla nyttige kunnskapar om hekling. 
— Me lærer korleis me kan juksa òg, humra damene, det er viktig å lære seg nokre snarvegar også.

Ferske spor
Journalist og forfattar Marit Eikemo fortale om den nye boka hennar, «Samtidsruinar». Inspirasjonen har ho henta frå tre ulike stader i distriktet. 
— Gravplassen ved Valen sjukehus, Solfonn hotell og Odda smelteverk er tre plasser som har vore i bruk i mi tid. I dag er det store forandringar på alle desse stadene, men spora er ferske, seier Marit Eikemo.
Forfattaren seier at ho har brukt mange litterære verkemiddel i boka. 
— Eg reflekterer over dei ulike stadane, både kva dei har vore, og kva dei er i dag, fortel forfattaren.

Årleg tradisjon
Dei fire damene som har gått i gang med ideen til arrangementet er svært godt nøgd med laurdagen. 
— Dette må bli ei årleg happening i mørketida, seier Berit Rafdal.
I store byar har det vore tradisjonar for kulturnatt lenge, og mykje tyder på at arrangementet vil bli gjenteke i Etne også. Førebels er det uklart kor mange billettar som vart selde, men folk har gitt uttrykk for at det var godt med folk dei fleste stader.
— Det er sikkert rom for mange forbetringar til neste gong, men heilskapsinntrykket er godt, seier Aslaug Olden Mala.