Kjellaren på Fugl Fønix hotell var regelrett stappfull då Ungdommens Kulturmønstring gjekk av stabelen på laurdag. Vel hundre personar møtte fram for å sjå kva ungdommane i bygda hadde å by på, og dei vart ikkje skuffa. Overvelda er nok eit betre ord på korleis publikum reagerte på det dei fekk sjå og høyre.
Ikkje berre musikk
Folk flest forbinder nok Ungdommens kulturmønstring med musikalske innslag av ulik art, men ei slik mønstring inneheld svært mykje meir. Tor Christian Engdal var ein av dei som fekk mest merksemd for sitt bidrag. Han hadde laga ein imponerande teikneserie som han hadde kalla ”Gharo er hjemme alene”. At han hadde lagt ned mykje tid og arbeid i teikneserien er det ingen tvil om, og streken hans var rett og slett imponerande.
— Eg byrja på den i sommar, og har heldt på regelmessig sidan. I det siste har det blitt litt ekstra travelt for å få den ferdig til Kulturmønstringa, sa den talentfulle teiknaren frå Rullestad.
Jostein Lygre sine trefigurar fekk og vel fortent merksemd. Små kunstverk i tre var utstilt. Nokre av dei flotte figurane var ”Hund”, ”Mann med øks” og ”Kaptein”.
Det finst mange musikalske skattar rundt om i bygda. Det vart bevist opptil fleire gonger under den timelange konserten. Aller først ut var The Local Hero´s, Dei framførte Nirvana sin klassikar ”Smells like teen spirit”. Gutane, som var i alderen 12-14 år, gjennomførte songen på ein flott måte og fekk velfortent applaus. Neste gruppe ut var Bjartes orkester, dei framførte den tidlause songen ”Jolene”. Veronika Hansen imponerte på vokal.
Den neste gruppa hadde litt problem med å avgjere kva namn gruppa skulle få. Rett før sin opptreden avgjorde dei at namnet skulle bli ”Avkom”, noko som skapte litt latter sidan dei var registrert som The Unknown Brigade i programmet. Dei leverte ei flott framføring av songen ”Narcotic”, og spesielt dyktig var Even Utstrand på gitar.
Vidare i programmet vart to filmar synte fram. Dei fekk god tilbakemelding for sine originale kortfilmar frå lokalmiljøet.
Jazz og blues
Etter filmsnuttane kom det tre rolige songar etter kvarandre. Ei songgruppe frå Skånevik song ”The Rose”, Solveig Sørheim imponerte med eit stykke av Mozart og Donna Silje Skogen song Celine Dion sin ballade ”Think twice”.
Det var ein enorm breidde over innslaga frå scenen, og Ingrid Opedal , godt akkompagnert av UMK-generalen Vegard Øyfoss på gitar, stod for dagens jazzinnslag. Med si sarte stemme imponerte ho både publikum og jury. Siste innslag kom frå Skånevik gruppa Sushi Blues Band. Dei sette eit verdig punktum på det godt gjennomførte arrangementet, med sine tøffe bluessongar. Gitarist Sven Ivan Bokn (15) leverte nokre gitarsoloar som fekk gåsehuden til å spreie seg blant publikum.
Nøgd arrangør
Vegard Øyfoss er mannen som fekk Ungdommens kulturmønstring på banen att i Etne, og han var svært nøgd etter at det heile var i hamn.
— Utruleg kjekt å vise fram det mangfaldet som fins blant ungdommen her i bygda. Dei driv med alt frå trespikking til jazz, sa Øyfoss.
På grunn av at det er over ti år sidan det vart arrangert Ungdommens Kulturmønstring i Etne, sleit han litt med å få ungdommane til å melde seg på.
— Dei visste ikkje kva det gjekk ut på, så det var litt vanskeleg å få ungdommane med. Men ved å besøkje skulane rundt i kommunen, og gjennom jobben min i Kulturskulen, klarte eg til slutt å overtale dei, seier han.
18 deltakarar vidare
Juryen hadde ein tøff jobb med å velje ut dei deltakarane som kvalifiserte til deltaking i delmønstringa i Grieghallen i april. Alle hadde eigentleg fortent å gå vidare. Men til slutt vart dei einige om at fylgjande blir å sjå i Grieghallen: Tor Christian Engdal, Jostein Lygre, Sushi Blues Band, Bjartes Orkester, Ingrid Opedal, Donna Silje Skogen og Solveig Sørheim.
Kulturmønstringa gav meirsmak
Kjellaren på Fugl Fønix hotell var regelrett stappfull då Ungdommens Kulturmønstring gjekk av stabelen på […]