Kulturskule ber frukter

I Etne har meir enn 200 barn og unge plass i kulturskulen, medan det er […]

I Etne har meir enn 200 barn og unge plass i kulturskulen, medan det er rundt 300 elevar i Vindafjord og Ølen. Der blei kulturskulen slått saman til ein frå 1. august i år. Men sjølv om rundt 500 unge er elevar i kulturskulane i dei tre kommunane, er det likevel mange som ikkje får plass. Etne klarer for tida å få plass til alle søkjarane, medan 70 står på venteliste i Ølen og Vindafjord.

Det er svært positivt at så mange barn og unge søkjer seg til kulturskulane. I kulturskulane sin barndom, var det musikk som stod på timeplanen. Etter kvart er tilboda utvida og rommar i dag ei rekkje aktivitetar innan kultur. I tillegg til opplæring i ymse musikkinstrument, står mellom anna dans, drama, video og film, teikning med meir på timeplanen.

I tillegg til å gi ungdommane opplæring innan ulike kulturaktivitetar, gir kulturskulane også arbeid til mange. Erfaringane viser at lærarane i kulturskulen er ein stor og viktig ressurs i kulturlivet utanom kulturskulen.
Det rike og mangfaldige kulturlivet me har her i bygdene, skuldast i stor grad lærarar og elevar i kulturskulen.

Denne veka fekk unge i Etne, saman med andre unge i Voss og Kvinnherad, tilbod om å delta i den populære Eggstockfestivalen i Bergen. Grunnen til at dei blei plukka ut var nettopp kjennskapen i fylket til den aktive kulturskulen i Etne. I pressemeldinga som var sendt ut står det mellom anna at Etne har lange kulturelle tradisjonar og at kulturlivet framleis står sterkt, med mellom anna kulturskulen som ein sterk aktør. Det at skulen har godt over 200 elevar i ein kommune med knappe 4000 menneske, er heilt unikt, står det i pressemeldinga. Dette viser at kulturskulen ber frukter, langt utover kommunen sine grenser. Målet må vera at alle unge som ønskjer det skal få plass i kulturskulen, same kva kommune eller bygd dei bur i.