Kunne gått begge vegar

Fotball, 5 div, menn, avd 04. Vats – Skjoldar 1-0 (1-0) 1-0 Kenneth Frøland (30. […]

Fotball, 5 div, menn, avd 04.
Vats – Skjoldar 1-0 (1-0)
1-0 Kenneth Frøland (30. min)
Om lag 30 tilskodarar
Dommar: Per Annstein Aarvik, Haugar

Skjoldar kom til Vats stadion for å gi jernet og koma sigrande ut av kampen, for var det ein kamp i sesongen dei ville vinna, så var det denne. Dei hoppa inn i taklingar, og det vart eit skikkelig lokaloppgjer prega av taklingar og lite spel.
Men etter ein halvtimes spel fekk likevel Vats 94 til litt spel i eit flott angrep. Venstrekanten kom seg oppover på Skjoldar sin banehalvdel, og fekk etter kvart lagt inn. Inne ved mål stod toppscorar for Vats 94, Kenneth Frøland, og kunne på ein flott måte setje ballen i nota med eit overraskande hælspark. Utover i omgangen skjedde det ikkje så mykje, med små sjansar til begge laga.
Då andre omgang starta var begge laga like tente på å kjempe med seg tre poeng heim. Men det ville seg ikkje heilt for Skjoldar, og dei hadde heller ikkje dommaren på si side, då han så vidt ikkje dømte frispark til nokon av laga. Andre omgang var prega av lite spel og få store sjansar, og eit visst Skjoldar-overtak mot slutten. Eit frustrert og skuffa Skjoldar-lag måtte derfor gå i garderoben utan å fått eit einaste poeng med seg i bagasjen.
Held bra nivå
Det var ein bitter kamp å tapa, då Skjoldar var så nærme som dei var, meinte Skjoldar sin oppmann, Arne Grunnaleite etter kampen.
— Det var uflaks, og me kunne i alle fall fått med oss eitt poeng. Me hadde jo sjansane,
Vats 94 rykkjer nå i frå i teten på tabellen, og leiar med fire poeng til andreplassen. Skjoldar ligg på ein sjetteplass, men det er tre poeng opp til andreplassen etter fem kampars spel.
— Me har vore heldige med andre lag som har vunne, men håpar det losnar opp etter kvart. Nivået er det ikkje noko å seie på, då me klarer oss fint i femte divisjon, seier Grunnaleite, som var med på å føre Skjoldar opp frå sjette divisjon i fjor. Til hausten kjem det også inn nye spelarar til Skjoldar, og Skjoldar-trenaren håpar desse kan dra nivået endå høgare opp. Vats 94-trenar, Arne Sakarias Tveit, hadde same oppfatning av kampen som dei fleste andre. Eit hardt lokaloppgjer med lite spel, som kunne gått begge vegar. I neste serierunde møter Vats 94 Åkra 2 borte, og Skjoldar tek imot Ferkingstad til kamp på Skjold Stadion.