Kunstnarfar som idol

Fredag kunne juryleiar Reidun Amundsen frå Ditt Distrikt utrope Linn S. Jespersen frå Skånevik til […]

Fredag kunne juryleiar Reidun Amundsen frå Ditt Distrikt utrope Linn S. Jespersen frå Skånevik til vinnar av teiknekonkurransen om framsida på lokaltelefonkatalogen Ditt Distrikt for Etne, Sauda, Suldal, Vindafjord og Ølen. Linn S. Jespersen går i 7. klasse ved Skånevik skule. Ho var både overraska og glad over premiane ho fekk, eit fotoapparat og ein diplom. Dessutan fekk heile klassen ein sjekk på 2.000 kroner, som skal brukast til trivselstiltak for elevane.

Kvardagshelt
Reidun Amundsen hadde også med brus og skulebollar som heile klassen koste seg med.
Oppgåveteksta for årets teiknekonkurranse var «Teikne kvardagshelten din» («idolet» ditt der du bur).
— Gjennom dette temaet ønskte Ditt Distrikt å engasjere barna til å teikne sitt idol, helt, førebilete, eller ein dei beundrar, seier Reidun Amundsen. Det hadde kome inn 72 teikningar frå ni skular.
På vinnarteikninga har Linn S. Jespersen teikna far sin, Knut Jespersen medan han står og målar i fargerike omgjevnadar. Eit motiv som altså gjekk heilt til topps blant jurymedlemmene dette året.