Då eg las brevet i Grannar frå 10.06. adressert til Gerd Ingunn om «Uteservering i Sandeid», fekk eg verkeleg pustevanskar, går dette an!
I utgangspunktet skal ein vera varsam å trekkja slutningar når ein berre har opplysingar frå den eine parten, men eg har ingen grunn til ikkje å tru det som står på trykk, og eg må få lov å koma me nokre synspunkt på dette brevet.
Kva er det med Vindafjord kommune sin administrasjon, kva er det med denne rådmannen?
Har dei mista all sunn fornuft, vett og forstand. Det skal vera eit arrangement i Sandeid, ikkje i nærleiken av Sandeid kafè – men rett og slett på trappa til kafeen. Dette arrangementet har fått løyve til å ha uteservering dei tre dagane dette pågår. Det søkte også verten av Sandeid kafè om, men fekk nei på sin søknad med grunngjeving om at det kunne ikkje tilrådast fordi det var i eit bustadområde!
Igjen må eg spørja; kva er skilnaden når dette er på same staden?!
Her er det ein ungdom som vil prøva å få til arbeidsplassar, samt å halda ein kafè open som har vore truga med nedlegging i lang tid.
Kven er det dei kommuneansatte er til for? Kva med alle dei fine orda om «Graset er grønast i Vindafjord», alle gode forslag om å få ungdom til å bli verande i kommunen, få ungdomar som har vore ute og fått seg ei utdanning tilbake til kommunen!
Skjerp dykk! Få ungdomane til å tru på lovnadane dykkar, det skjer garantert ikkje på denne måten. Slik rådmannen har behandla denne innbyggjaren kan ho ikkje ha lov til.
Ein rådmann som oppfører seg slik brevskrivaren seier kan umogleg gjera jobben sin. Ikkje nok med at ho fekk nei på søknaden sin – men den overlegne, arrogante måten dette blei gjort på er nesten ikkje til å tru.
Vindafjord kommune må snarast kalla saman til krisemøte, etter ei slik handsaming av ein innbyggjar treng dei ein oppvask i sine rutinar, dette kan ikkje Vindafjord vera kjent av.
Til brevskrivaren vil eg berre seia; Du skreiv eit flott brev på ein utruleg fin måte. Takk for at det var fleire enn rådmannen som fekk lesa det.
Anne-Lise Døvik