Kva er god eldreomsorg?

Men kva er god eldreomsorg? Vi opplever at dei ulike partia ikkje gjev eit eintydig […]

Men kva er god eldreomsorg? Vi opplever at dei ulike partia ikkje gjev eit eintydig svar på dette, og som tillitsvalte i Norsk Sykepleierforbund ønskjer vi å starta ein debatt om tema.
Kommunane står no framfor mange utfordringar når det gjeld eldreomsorg i dei neste åra. Vi vil få eit aukande tal på pasientar, alle med eit større behov for oppfølging på grunn av kortare tid på sjukehuset. Kommunane har fått eit større ansvar for menneske med psykisk utviklingshemming, og med psykiske lidingar. Rapportar viser at vi får ansvar for fleire med demenssjukdommar, kreftsjukdommar, og fleire pasientar som er avhengig av medisinsk teknisk utstyr i heimen.
Det vil i nær framtid bli eit stort behov for å rekruttera kvalifisert personell til pleie – og omsorgssektoren, samstundes viser statistikk at færre søkjer desse utdanningane.
Viser mellom anna til «Rapport om utviklinga i pleie- og omsorgssektoren i Hordaland« skrive av Fylkesmannen i Hordaland (datert 10.07.06).
Korleis vil kommunane i Sunnhordland møta desse utfordingane, og samstundes kunne vise til ei god eldreomsorg?
Eit politisk slagord har vore «Fleire hender i eldreomsorga!» Det er vel og bra. Vi er heilt samde i at grunnbemanninga må opp både i institusjonane og i heimetenestene, men kvaliteten på tenestene må òg ivaretakast. Når veksten i talet på pleietrengjande eldre vert kombinert med stagnasjon og/eller nedgang i talet på yrkesaktive, vert det særs viktig at kompetansen hos dei som arbeider i pleie- og omsorgssektoren er høg. Vi kjenner kommunane våre så godt at vi veit at det er ulikt korleis kommunane satsar på å vedlikehalda og utvikla personalgruppene. Samstundes har vi mange eksempel på at kompetent personell vert trekt mot arbeidsplassar med god bemanning, godt fagmiljø, god leiing og koordinering av tenestene, og der det er tilbod om 100 prosent stillingar.
Som hovudtillitsvalte i Norsk Sykepleierforbund i sunnhordlandskommunane vil vi derfor kome med denne oppfordringa til politikarane i denne valkampen:
• Auk opp grunnbemanninga i pleie- og omsorgssektoren.
• Reduser talet på deltidsstillingar og ufaglærte i deltidsstillingar.
• Lag ei lokal analyse over behovet for kvalifisert personell i pleie- og omsorgsektoren i din kommune, lag ein kompetanseutviklingsplan og ver aktiv i rekrutteringsprosessen.
• Ta i bruk midlane som vert løyvt gjennom «Kompetanseløftet 2015».
Etter vårt syn får vi ikkje ei god eldreomsorg utan at det er nok høgskuleutdanna personell som kan møta dei utfordringane vi står overfor. For å rekruttera og halda på denne arbeidsgruppa må vi tilby eit godt og stabilt fagmiljø, og ein stor nok stillingsprosent/inntekt til å kunne leva av den.

Lise Maria Mæland, NSF i Etne kommune
Hildegunn Berge, NSF i Tysnes kommune
Marte Kristin Maraas, NSF i Fitjar kommune
Mona Lothe , NSF i Stord kommune
Reidun Irene Framnes, NSF i Sveio kommune
Kjersti Vespestad, NSF i Bømlo kommune
Gerd-Laura Bondhus, NSF i Kvinnherad kommune