Kva er ytringsfridom?

Ein kan ikkje i ytringsfridommens namn seia eller gjera kva som helst som kan vera […]

Ein kan ikkje i ytringsfridommens namn seia eller gjera kva som helst som kan vera krenkjande, sårande eller injurierande, eller noko som er i strid med lova på eit eller anna vis. Den klassiske historie er mannen som skreiv i avisa at «halve kommunestyret i bygda er idiotar». Han blei sjølvsagt beden om å trekkja attende den «grausame salbe» i same avisa. Og slik gjorde han det: «Eg ærklærer hermed at halve kommunestyret ikkje er idiotar».
Somme meinar at ytringsfridomen er for berre dei sjølve, medan andre ikkje bør ha same sjølvsagde retten. Ein vismann har sagt at han ville kjempa inntil døden for at den han var usamd med skulle ha rett å seia det. Vanleg folkeskikk tilseier oftast kor grensa går, både for det som kan kallast ei handling eller ytring, uansett kva føremål dei måtte ha. Når eit samleie t.d. vert «demonstrert» frå scena under Qvart-festivalen, så er dette langt over grensa for både jus og sømd, uansett om det er gjort «i namnet åt regnskogarna». Blotting er straffbart uansett om det måtte ha som føremål å vekkja opinion til noko, eller det er ein sjukeleg trong.
Å tøma øl i hovudet på ein offentleg person er såleis langt utanfor folkeskikken. Det same er å kasta egg og tomatar på ein politikar eller andre offentlege personar som ein er sterkt usamde med. Dette er utslag av primitive pøbelstrekar. Ei handling som har resultert i debatt i media (avisene) står den norsk-pakistanske kvinna Shabana Rehman for som under filmfestivalen i Haugesund inviterte den dåverande kulturminister Valgjerd Svarstad Haugland til eit kyss på scena ved opninga av festivalen, og som deretter gjekk på scena, trakk ned buksa og viste kinopublikumet rumpa si. I visse aviser vart det sagt at Rehman ikkje skjønar det vestlege fridomsomgrepet med grunngjevinga at ho har lov å gjera med kroppen sin kva ho vil. Mange har då spurt om kva det neste blir. Godt spørsmål.
Det siste døme underskrivne vil visa til er somme komikarar som trør feil avdi dei kanskje trur at alt er lov i humorens namn. Det vera bruk av kristne symbol i humorens teneste til låtteløgje, eller det er visse offentlege personar som blir latterleggjort, eller anna. Siste «skrik» i denne genren er den «såkalla komikaren» Harald Eia si kopiering av miljøminister Knut Arild Hareide, eit etter manges meining ynkeleg forsøk på å vera morosam. Sjølvsagt er det lov, og må tolast, at offentlege personar får sitt, men dette nemnde var uintelligent og barnleg forsøk som mest grensa til mobbing. Det er leit at slikt skal kallast morosamt, mange syns det er dårleg komikk og rett og slett keisamt og uskjøneleg humor, ein plump flat og keisam humor.
Generelt sett blir humoren i dag for mykje snørr, sex, banning og kropp og mobbing og ekle tema. Ofte har ein meir medynk med humoristen enn offeret. Ingenting er som før. Men det er vel dei berykta grensene som vandrar.

Endre Heggen