Kva skal barnet heite?

Men denne gongen gjeld for meg noko mykje viktigare enn ei flaske konjakk, eller juletreet […]

Men denne gongen gjeld for meg noko mykje viktigare enn ei flaske konjakk, eller juletreet i sjoargarden etter att austavinden hadde gjort sitt. Eller siste påbygg på Enge skule. Skakke er dei alle.
Og no skal me få SKAKKE senter og. Er dette det rette namnet på vår nye storstove, no ETNE KULTURHUS?
Det er nok eit diskusjonstema mann og mann, kone og kone mellom, og meiningane sprikjer nok ein del. Men uansett bør namnet seia noko som fører fram til det ein søkjer, nemlig kultur.
Me har nok av namn på firma og bygningar som er inkjeseiande. Lat oss sleppa det denne gongen. Namnet skakke senteret har etter mi meining kome alt for stilt til bygdars, det manglar ein folkeleg debatt, eit engasjement frå grasrota.
Eg har hatt fleire henvendelsar frå sambygdingar som ikkje kan svelgja namnet. Ta vare på noko som me kan knyta til noko positivt. Sjølv har eg vore engasjert i samfunnshuset, no kulturhuset, frå starten av, og set stor pris på det nye prosjektet for kultur, skule og idrett. Men namnet kan eg ikkje sjå noko positivt med. Me har fostra mange her i bygda med betre ry og rykte enn han Erling Skakke
Håpar det ikkje vert for lenge til me møtest i vårt påbygde ETNE KULTURHUS.

Endre Tjelmeland
Etne