Det er inga orsaking for å ikkje delta i eitt av løpa i Kvamsåsen rundt, som vert arrangert årleg i Vikebygd. Her er det løp for alle, med Minikvamsen for dei under 12 år, Halvkamsen, turløp og sjølvsagt hovudløpet som er 10,9 km langt.
Minikvamsen og hovudløpet var dei løpa som trekte flest deltakarar, det var heile 48 born som stilte på startstreken i løpet for dei minste. To av dei som deltok i Minikvamsen var Line H. Bjerga og Maren Rødde, begge sju år gamle, og dei deltok i sitt andre løp for dagen.
— Me gjekk Halvkamsen tidlegare i dag, og skal nå springe Minikvamsen, seier dei, før dei legg av garde på på si andre økt.
Hovudløpet
I hovudløpet var det i år 54 deltakarar, med løparar frå bl.a. HIL, Sveio og ikkje minst Stegaberg, som var godt representert. I år var den kjende løparen Karl Johan Rasmussen frå HIL med, og som venta vann han løpet. Tida var 37,19. Rasmussen skal til komande helg, saman med ein annan deltakar i Kvamsåsen, Tomas Mæland frå HIL, delta i Nordisk meisterskap i terrengløp i Finland.
— Det var ei variert og kjekk løype her i Vikebygd, seier Rasmussen, som trass i sigeren ikkje var særleg godt nøgd med tida si.
— Når det har vore så mykje regnver, vert ein litt reservert nedover bakkane. Det var ganske sleipt og eg kunne ikkje risikere ein skade nå,seier Rasmussen.
— Men få med deg at at eg likte løypa godt, og at bakkane som eg hugsa frå eg deltok for mange år sidan, faktisk var så tunge som eg hugsar dei, avsluttar han.
Resultat
Kvinner 2005
Hovda, Miriam Berg 44,23
Bø, Siv Merete 53,01
Hovda, Sissel 55,1
Steinsland, Elin 68,56
Ødegård, Else Karrin 72,56
Haukeland, Gunhild 74,56
Kleiven, Anne 76,39
Hovda, Konstanse 87,55
Resultat menn 2005
Rasmussen, Karl Johan 37,19
Mæland, Thomas 40,29
Rossehaug, Håkon 41,18
Støle, Leif Johnny 41,43
Lothe, Kjetil 42,27
Dommersnes, Tor Arne 42,51
Lie, Rune 43,1
Aksland, Sverre 43,3
Duesund, Skjalg 46,1
Hovda, Allan 46,24
Steinstø, Per Arne 46,32
Rossehaug, Øystein 47,44
Dale, Arvid 47,48
Pettersen, Ivar 49,32
Innbjo, Arne 50,03
Nilsen, Tor 50,18
Svendsbø, Leif Arne 50,34
Wannberg, Bjørnar 51,23
Simonsen, Mads 51,38
Tveit, Arne 52,02
Gudmundsen, Kristoffer 52,33
Hansen, Balder 53,41
Stava, Gudmund 53,43
Strand, Hermann 54,47
Valen, Martin 54,47
Martinsen, Einar Marius H 54,47
Martinsen, Einar 54,48
Storesund, Eirik 55,18
Bystrøm, Sven Erik 55,5
Kleven, David 56,17
Wannberg, Bjørn Leif 56,37
Larsen, Asbjørn 58,27
Postvoll, Paul 58,51
Amdal, Oscar 59,04
Nesse, Martin 60,19
Hansen, Gudmund 60,26
Jansen, Wiktor 60,49
Kallevik, Berner 61,34
Gundersen, Sverre 71,43
Årvik, Mats 72,07
Skartland, Sindre 72,08
Helgeland, Jakob 72,4
Skulstad, Alfred 100