Lidl er billegare enn dei norske matvarekjedene. Det slo Dagbladet fast etter ei omfattande prisundersøking avisa har gjort. VG slo på si side fast at Rema framleis er den billegaste matvarekjeda i Noreg. Dei siste vekene har aviser og fjernsyn kappast om å gi oss informasjon om kva den tyske matvaregiganten vil tilby sine norske kundar. Men sjølv om det er blitt mykje sendetid og mange avismillimeter, er det lite som har komme til overflata. Både munn og dører til nykommaren har vore lukka med sju segl.
Fredag 24. september, dagen etter at Lidl endeleg hadde opna dørene, kunne både VG og Dagbladet med feite typar på sine førstesider visa oss forbrukarar kvar maten er billegast. På nesten identiske førstesider hadde dei viktig informasjon til oss om pristesten mellom Lidl, Rema, Kiwi, Rimi og Coop Prix.
Sjølvsagt vil me som forbrukarar ikkje betala meir for det me legg i handlekorga enn det som er nødvendig. Konkurranse i bransjen kjem derfor oss handlande til gode. Når me ser på utbytet, og den enorme rikdommen kjøpmannsbaronane veltar seg i, er det ikkje tvil om at dei har god forteneste på handlekorga vår. Men det me ikkje får vita, er kva dei sjølve betaler for varene. Og kor stor avanse produsentane både her i landet og utlandet sit igjen med. Det er ikkje berre U-landa som må selja produkta sine til spottprisar for i det heile å få selt dei. Også våre eigne produsentar har store problem med å få balanse i rekneskapen.
Lars Ø. Grønstad, leiar i Etne Senterparti, peikar i eit innlegg i dagens avis på kva konsekvensar det kan få når det berre er marknaden som skal styra. Han viser til professor Brian Hardaker frå Australia som har vore i Noreg og preika marknadsliberalisme. Med den politikken går rett nok bøndene konkurs og bygdesamfunn forsvinn, fortel han. Men han sjølv er blitt van med å køyra 20 mil utan å sjå folk. Me spør med Grønstad om det er ei slik utvikling me vil ha? Dersom me berre blir fôra med kvar maten er billegast, og ingen stiller spørsmål til kva konsekvensar ein slik politikk kan føra til, kan dei australske tilstandane bli røyndom også hos oss. Og det før me veit ordet av det.