Kven har ansvaret for skiltinga av vegane, manglar me reglar?

Slik er det i alle fall med vegane ut frå Oslo der skilta fortel at […]

Slik er det i alle fall med vegane ut frå Oslo der skilta fortel at E16 går til Bergen og E18 går til Kristiansand. Når det gjeld E134 så byrjar den i Drammen og endar i Haugesund men på skiltet står det Kongsberg.
Resultatet av denne mangel på korrekt skilting har truleg medført at mange ikkje har køyrt E134 når dei skal til Vestlandet, men heller nytta E18 eller E16.
I diskusjonen om val av stamvegar mellom Aust- og Vestlandet så haustar E134 «godane» av denne skiltinga, for no heiter det at denne vegen berre har 1300 ADT og har problem med å nå opp i konkurransen om stamvegvalet, enno om dette er det kortaste alternativet mellom Aust- og Vestlandet.
Det som forundrar meg er; korleis kan dei ansvarlege innan Statens vegvesen la dette skje. For dette er ikkje nokon arbeidsulukke. Eg hadde forventa at når det vart skilta på ny i samband med opninga av ny bru i Drammen så hadde det kome ein endring, men nei.
Eg har ved mange høve dei siste åra påpeika dette og hadde forventa at når reiselivet, næringslivet og politikarane vart gjort merksame på dette, så ville dei nytte dei kanalar dei hadde til rådvelde og prøvd å endre på det. Men nei, ingen ting har skjedd med unnatak av Frp som på eit møte på Haukeliseter no i vår tok opp problemet med skiltinga av E134. Får håpe at dette berre er starten.
Eg har ikkje noko makt, men eg oppfordrar no politikarane både på aust- og vestsida av Haukelifjell til å ta kontakt med dei ansvarlege i Statens vegvesen og be dei drive med det dei skal og ikkje drive med politikk – for det er det dei gjer.

Ragnvald Christenson