Kven knyter Etne og Erling Skakke til konjakk?

«No som denne saka er blitt såpass omdiskutert, kan me ikkje lenger nemna Erling Skakke […]

«No som denne saka er blitt såpass omdiskutert, kan me ikkje lenger nemna Erling Skakke i Etne, for no blir namnet hans assosiert med konjakk, det synest eg er forferdeleg dumt.»
Med respekt å melda: Kven er det som er ansvarleg for at Erling Skakke og Etne blir assosiert med konjakk? Er det nokon annan enn ordføraren, som, for å bruka Haugesunds Avis sitt uttrykk 13.11 – har «slukt rått» eit opplegg frå ein fransk vinseljar?
Ordføraren måtte nødvendigvis vita at dette var eit kontroversielt utspel, noko svært mange har stadfesta overfor underskrivne etter intervju med meg i Haugesunds Avis 13.11. Det er eit faktum at alkoholforbruket i Noreg har blitt dobla dei siste ti åra. All erfaring viser at bruk avlar misbruk. Det kan ikkje vera tvil om at «Skakke-konjakken» vil stimulera til auka bruk.
I eit intervju med avisa Vårt Land 16. nov. slår statsminister Stoltenberg fast at «økt tilgang på alkohol øker antall misbrukere. Men selv har han ikke noe enkelt svar på hva som bekjemper misbruket best: Hadde jeg hatt det, hadde vi avskaffet problemet. Det er nok mange forskjellige svar. Ett av dem er at samfunnslederne bør våkne – og være tøffe i kampen mot alkohol. Statsministeren kommer med denne appellen: Som samfunnsledere har vi et ansvar for å stå opp, snakke om det, øke bevisstheten og skape holdninger som gjør at vi blir tøffe i kampen mot alkohol og alkoholmisbruk.»
Dette er ord i rette tid når me ser kva som skjer omkring oss. Appellen går til leiarar på alle nivå i samfunnet, på riksplanet, fylkesplan og kommuneplan.

Hans Olav Tungesvik
Skånevik