Kvifor aukar trafikken over sambandet Utåker-Matre-Skånevik?

1. Vegen austover gjennom Åkrafjorden E134 Vegen langs Åkrafjorden har dei siste åra fått ein […]

1. Vegen austover gjennom Åkrafjorden E134
Vegen langs Åkrafjorden har dei siste åra fått ein god standard, noko som gjer at mange vel denne vegen når ein skal austover. Når Rullestadparasellen, som snart er ferdig vert opna, vil det naturleg føre til at endå fleire fer denne vegen. Svaret på kvifor er ganske enkelt: Det vert for ytre Kvinnherad betre veg, kortare tid til Oslo, samt innsparing av reisetid og pris.
2. Haukeliekspressen over Skånevik til Oslo
Før var dette ein god reisemåte for oss, når vi skulle austover. Etter ar Folgefonntunnelen kom, satsar Kvinnherad kommune på at all ekspresstrafikk skal gå gjennom Folgefonntunnelen, og legg bussrutene opp etter det. Ekspressambandet over Skånevik er nå nærmast blokkert på grunn av framgangsmåten. Tidligare var det råd å komma seg fra Oslo over Skånevik til 17.10-ferja. Korresponderande buss kom kl.17.05 til Skånevik. Men nå er fejra sin avgang sett til kl.1700. Denne blokkeringa gjer det difor vanskelegare og
mindre aktuelt å reisa med Haukeliekspressen over Skånevik.
Samanliknar vi prisane med ekspressruta fra Husnes over Odda, og prisane med ekspressruta frå Utåker over Skånevik, finn vi at dersom to personar reiser saman – og såleis kan rekna med rabattane for reisene, finn vi at det er om lag 300 kroner billigare å reisa over Utåker/Skånevik tur/retur. Frå Husnes sparer ein litt mindre, då bussbilett fåa Husnes til Utåker kjem i tillegg.
Vi opplever det som tvang at vi skal reisa over Odda og såleis tapa 300 kroner. Difor tek mange heller privatbilen og fer austover. For 300 kroner i bensin fer vi lett gjennom Telemark og langt på veg til Oslo. Dette gjer vi for og spara tid og pengar, samt at vi får ein god og trygg Åkrafjordveg å fara på.
Ordninga slik ho er blitt no med omsyn til Haukeliekspressen, tener ikkje alle oss som bur i ytre Kvinnherad, og vi kan ikkje skjøna kvifor det skal vera slik.
3. Hopehavet med Skånevik-Etne-Ølen og Sandeid
I den seinare tid har utviklinga gått slik at dette hopehavet har vakse seg langt sterkare enn nokon gong før.
Fleire og fleire bedrifter i dette området har oppdrag i Kvinnherad og omvendt, til både glede og nytte for alle partar. Utanom dette ser vi og at ein del folk fer på handel i Skånevik-Etne-Ølenområdet. Dette hopehavet har sitt samband over Utåker-Matre-Skånevik. Vi reknar med at utviklinga går sin gang og at banda mellom kommunane Kvinnherad-Etne og Ølen veks seg sterkare etter kvart. Snakkar vi om ferjeprisar er det også langt billigare å fara over Skånevik, enn om vi reiser Sunde-Skjærsholmane for å handla på Heiane Senter på Stord.
4. Hopehavet med Haugesund og Haugalandet
Skal vi reisa dit, betyr pris meir og meir for folk flest og for næringslivet.
Ei prissamanlikning av sambandet Sunde-Skjærsholmane – Trekantsambandet kontra Utåker-Skånevik syner at dersom ein fer med liten bil og førar, er det meir enn 250 kroner billigare og reisa over Utåker-Skånevik enn over Stord og Trekantsambandet. Dette er tur/retur-prisar.
For vanlege folk er dette ein god slump pengar å spara. Difor fer vi Utåker-Skånevik. Næringslivet i Kvinnherad har og eit godt samkvem med Haugesund/Haugalandet .
På årsbasis sparer ein store summar når ein nyttar sambandet Utåker-Skånevik. Den økonomiske gevinsten avheng sjølvsagt av storleiken på kjøretøya. Det er nok ikkje utan grunn at vi opplever at også større og større kjøretøy nyttar dette sambandet.
På årsbasis vil verksemdene spara store summar på denne måten.
5. Hopehavet med Helse Fonna
Helse Fonna er av nyare dato, med administrasjonen sin i Haugesund. Der finn vi og Haugesund Sjukehus. Etter at Helse Fonna vart etablert, får kvinnheringane fleire og fleire helsetenester utførte ved Haugesund Sjukehus. Etter kvart som Helse Fonna finn si form med omsyn til helsetenestene, vil kvinnheringane verta
både meir og sterkare knytte mot desse tenestene. For mange som treng desse tenestene er det billigast å reise over Utåker-Matre-Skånevik.
6. Handleturar og anna i Haugesund
Vi opplever ein aukande tendens til at fleire og fleire reiser til Haugesund i staden for til Bergen for å handla.
Det er inn i tida å nytta seg av handelstilbodet der. Billigaste reiseruta er igjen over Utåker–Matre-Skånevik. Under anna kan vi nemna helgeturar til Haugesund, kulturtilbod og turisme.
7. Auke–minke i trafikken frå/til Kvinnherad
Siste månadsstatistikk syner at Sunde-Skjærsholmane går ned med vel 1200 kjøretøy, medan Utåker-Skånevik aukar med 1600 bilar.
Vi meiner at vår analyse og argumentasjon gir ein god del av svaret på kvifor det blir slik. Vi ser ingen grunn til å tru at denne trenden vil snu, snarare tvert imot.
8. Konklusjon
Kvinnherad kommune har dei siste åra engasjert seg kraftig økonomisk i fleire større prosjekt som Folgefonntunnelen, Halsnøysambandet m.fl.
Ut frå vårt syn vil det difor vera klok politikk å retta søkelyset på interne forhold som t.d. Rv.48 gjennom Erslandsmarka. Etter det vi kjenner til har planane frå Vegetaten si side vore ferdige i mange år og skulle hatt oppstart i 2001. For Sandvoll var oppstart sett til 2004.
Heile tida opplever vi at desse prosjekta vert utsette og utsette, samstundes som dei store investeringane er knytte til Rosendals-området når det gjeld trafikksikring og til Maurangervegen m.h.t opprusting. Dei øvrige investeringane er i sterk grad knytte til Rosendal og Husnes.
Nå lurer vi på kor lenge dette skal halda fram – og at utkantane gong etter gong vert skvisa ut.
Vi undrast og over administrasjonen i Kvinnherad kommune og at somme politikarar ikkje kan sjå at Rv.48 i dei to nemnde prosjekta ikkje berre gjeld Utåker og Sandvoll, men heile strekninga Utåker- Rosendal.
Vi syner og til vallovnader til samtlige parti ved siste val. Difor lurer vi på kven som har makta i Kvinnherad, administrasjonen eller politikarane. I relasjon til andre investeringar som er nært foreståande i
Rosendal og på Husnes, tykkjer vi det er beint fram smålig at ein ikkje finn 15-20 millionar til desse to prosjekta.
Om så vert tilfelle snarast, vil dette tena svært mange interesser i Kvinnherad, næringsliv, handel og ikkje minst turisme for å nemna nokre.
Men det viktigaste vil vera at vanlige folk fekk oppleva det som Kvinnherad kommune skryt over:
»Kvinnherad kommune, ein kommune i fellesskap og trivsel, utvikling og vekst».

Sandvoll Ordskiftelag Utåker Bygdalag
Trygve Fonn, Asgeir Rusten, Konrad Anfinsen, Terje Eikemo