Kvifor byste av Moe

Olav Vig skreiv mange fine dikt som eg har lest, og har han laga ein […]

Olav Vig skreiv mange fine dikt som eg har lest, og har han laga ein fin heim på Osnes som kommunen fekk. No er det nokre som steller til der ute. Dei fiksa til huset som er blitt ganske fint. Det er veg heilt ned til sjøen, og om sommaren er det turistar der og elles er det barnehage.
Ta den hovudlause dama som står utanfor meieriet. Det har eg undrast på mange gonger. Dei to statuane kunne stått attmed einannan, så kunne dei fått dei på ein gong. Ja, dei kostar vel mange pengar òg.
Så må eg ha med litt frå sjukeheimen der eg bur no. Før sa dei alltid at dei gjekk på arbeid, men her spring dei mykje for dei har for lite folk. Av og til fer dei på sykkel òg. Det er ikkje greitt når ein sit hjelpelaus i senga og kanskje må vente 10-15 minutt. Men dei er flinke og me har det godt, men dei hadde hatt trong for fleire. Difor vil eg til slutt takka for kor flinke dei er med oss.

Sina Hardeland