Kvifor ikkje snakka med dei gamle?

I husleieloven § 4-3 står det også: «Etter at leieforholdet har vart i minst 2 […]

I husleieloven § 4-3 står det også: «Etter at leieforholdet har vart i minst 2 år og 6 mnd, kan begge parter kreve at leien blir satt til gjengs leie.»
Kvifor kan ikkje representantar frå kommunen komma og snakka med dei gamle?
Nå vil me ha svar på følgjande spørsmål:
1) Kva legg ordføraren i uttalen «for at folk skal få komma i gang.» Kva med?
2) Kva med rådmannen sine «glippar»? Kor ofte skjer det, utan at det vert oppdaga?
3) Skal det verkeleg vere sånn at det «berre skal gå rundt». Skal dei gamle ikkje få lov å leva, berre eksistera? Det kan jo henda at dei også har behov for å komma seg ut. Kanskje ein liten tur, fotpleie, frisør o.l?
4) Kven har råd til å bu der i framtida på minstepensjon? For den aukar nok ikkje i takt med husleigeauken til kommunen. Trudde det skulle vera eit tilbud til alle i kommunen, uansett status.
5) Kven av «oss vanlege» ville betalt 5.200 kroner for ein leilighet i Etne på 55 kvadratmeter?
Til slutt ein liten tankevekkar!
Kven er det som har bygd opp det som før var «Gamleheimen»? Jo, det er nettopp dei som bur der nå. Dei har samla inn mykje pengar gjennom eit langt liv i form av basarar og foreiningar. Og alt vart gitt til «Gamleheimen» i den trua at det ein gong skulle komma dei til gode!
Så ta dåken ein tur og snakk med dei gamle. De veit å finna dei når det er valg! Og dei bur fortsatt på same adressa!

Liv Hjelmtveit og Sigfrid Sørheim (pårørande)