— Eg scora eitt mål, slår Bård Ersland frå Imsland fast.
Han spelar for Vindafjord, og første kampen enda med siger over Vats. Med seg på laget hadde han Sondre Kvaløy (8), også han frå Imsland. Litlebror Asle Kvaløy (6) er i ferd med å gjere seg klar til sin første kamp. Han skal spele mot eitt av laga frå Ølen.
Sjølv om alle miniputtane som er med på den årlege cupen i Vikedal får pokal, er ikkje konkurranseinstinktet heilt fråverande.
Heile familien med
— Me kallar det familiedag, forklarer Sissel Lilleland, formann i fotballgruppa i Vindafjord IL.
Det er idrettslaget hennar som arrangerer cupen, men dei trekkjer med seg fleire foreldre til dugnadsarbeid.
— No når det er så mange som melder seg på, treng me folk som kan hjelpe til med grilling, kakelaging og sal, forklarer ho, og legg til at det er fleire og flerie lag som melder seg på for kvart år.
I år hadde idrettslaget gjort eit nytt grep for å få til ei meir effektiv avvikling av cupen: I staden for å dele banen i to var den delt inn i fire banar. Der gjekk kampane for seg kontinuerlig, og kvart lag spelte tre kampar på ein halv time kvar. Målet var å gjennomføre heile cupen i løpet av fire timar sundag.
— Det er kring 200 ungar som spelar her i dag, og me har delt dei inn i to årsklassar: 7-8 år og 9-10 år, held arrangøren fram.
Dei fleste laga som deltok var frå Grannar-distriktet, men laga Førland og Stegaberg frå Tysvær hadde også tatt turen.
Foreldre og søsken var aktive støttespelarar på sidelinja, og dei fekk god hjelp av duskedamer til heiaropa.
— Me heiar på Sandeid. Me spelar fotball sjølv også, men me er for gamle til å vere med i denne cupen, forklarer duskedamene Thea Lærdal og Inger Marie Stople frå Sandeid.