Kvinnefronten ynskjer at framlegget frå Arbeiderpartiets kvinneutval og SVs landsmøte om utviding av sjølvbestemt abort til 16. veke skal verta gjennomført i komande regjeringsperiode. Den komande raudgrøne regjering har no ein gyllen sjanse til å hiva nemndene på dør. Slik at kvinner over heile landet skal ha dei same rettane i praksis. Det er på tide å avslutta praksisen om at du må bevisa at du er verdig til å bestemma over eigen kropp og eiga framtid. I Sverige har dei sjølvbestemt abort til 18. veke. Vi har hatt ei uforandra lov om sjølvbestemt abort sidan 1978. Aborttala har vore uforandra før og etter innføringa av lova. Det er no på tide at vi synleggjer tilliten til kvinner og aukar retten til sjølvbestemming. 12. veke er ei fiktiv og ikkje-medisinsk grense diktert av moralske vurderingar. Kva rett har legar, sosionomar, juristar og Ludvig Nessa til å avgjera framtida til kvinner?
Vi utfordrar kvinnebevegelsen i Ap og SV til å ta debatten innad og utad og ikkje verta lagt på hylla som eit kompromiss med Senterpartiet.
Landsstyret i Kvinnefronten
Kvinnefronten utfordrar kvinneutvalet i Ap og Sv
Kvinnefronten ynskjer at framlegget frå Arbeiderpartiets kvinneutval og SVs landsmøte om utviding av sjølvbestemt abort […]