Kvinnehistorie

• I 1854 blir det gitt same arverett for jenter og gutar. • I 1860 […]

• I 1854 blir det gitt same arverett for jenter og gutar.
• I 1860 får kvinner bli lærarar i folkeskulen. Men berre på landsbygda.
• I 1910 blir den internasjonale kvinnedagen stifta i København. I Noreg blei den markert første gong i 1915.
• I 1913 får kvinnene alminneleg stemmerett.
• I 1913 formulerte Katti Anker Møller for første gong kravet om lovleg sjølvbestemt abort. Våren 1978 blei lova om sjølvbestemt abort vedtatt med ei stemme i overvekt i Stortinget.
• I 1939 slår Høgsterett fast ved dom at ekteskap ikkje er oppseiingsgrunn i arbeidslivet.

Slik kunne me halda fram utover heile førre århundre og inn i vårt. Dersom ikkje kvinnene sjølve står på krava, er det ingen andre som gjer det. Likestillingsdirektør Long Litt Woon seier til Nationen at dei som opplever at me har oppnådd full likestilling, gjer det på feil grunnlag. — Det er greitt nok at Noreg er øvst på FN sin likestillingsindeks, men den posisjonen er relativ, meiner ho. Ho etterlyser auka bevisstgjering rundt likestillingsspørsmålet. I ikkje minst blant bondekvinner. Dei er ofte ikkje berre dobbeltarbeidande, men også trippelarbeidande med arbeid på garden, husarbeid og jobb utanfor bruket.

Det er eit paradoks at jentene i dag er i fleirtal på universitet og høgskular, samstundes som dei ligg langt under gutane i lønn og posisjonar når dei kjem ut i arbeidslivet. Det er kvinnene som har dei fleste deltidsjobbane, spesielt innan helse og omsorg. Det at dei ikkje får full stilling blir forklart med at det ikkje er mogleg å få turnuskabalane til å gå opp då. For å få ei meir rettferdig fordeling mellom kvinner og menn i arbeidslivet, må det ei radikal endring til. Det er berre ein av grunnane til at kvinnedagen ikkje er overflødig.