Etter at Forum for kvinner og utviklingsspørsmål (FOKUS) fekk årets TV-aksjon, er kvinnevald løfta opp og fram på den politiske dagsorden. Fram til nå har vald mot kvinner mest vore ei privatsak. Dei som har tala desse kvinnene si sak, er dei som blir oppfatta som radikale kvinneforkjemparar. Det å få løyvt nok pengar til krisesenter rundt om i landet har vore ei kampsak.
I Noreg blir 20 000 kvinner utsette for vald. Ei av fire kvinner i verda opplever vald eller trugsmål i eigen heim, frå kjærastar, tidlegare partnarar, fedrar eller brør. I følgje Verdsbanken er heimevald eit globalt helseproblem på linje med HIV/aids og kreft.
Fjorten år gamle Stephen seier i ein reportasje i vekebladet Allers at det er kult med ein TV-aksjon som fokuserer på vald, og at det er bra at mor hans fortel deira historie. Kanskje kan det vera med å hjelpa andre, seier Stephen.
Det er det som må vera målet med TV-aksjonen. At dei som treng hjelp skal få den hjelpa dei ber om. Men det er langt frå alle som ber om hjelp. Mange kvinner og deira barn lever i angst og frykt og torer ikkje å fortelja omverda korleis dei har det. I tillegg er kvinnevald framleis tabu i mange krinsar. Det er mange kvinner som brukar pudderkvasten for å skjula at dei er blitt skambanka i staden for å stå ope fram og visa sine blå flekkar.
Me håpar som Stephen at mor hans si historie kan få fleire kvinner til å stå fram. Då har den kraftige fokuseringa gjennom TV og andre media hatt sin misjon.