Kvinnherad-støtte til tunnel

Dei vil byggja Etne-bygdene saman, men det vil også gje store deler av Kvinnherad kortare […]

Dei vil byggja Etne-bygdene saman, men det vil også gje store deler av Kvinnherad kortare og betre veg til Haugesund om dei køyrer over Utåker, og det vil vera starten på ein god veg austover frå Skånevik til Seljestad, og vidare over Haukeli for kvinnheringane.
 
Flytting av ferje
Det er interessant at ordførar Amund Enge og nemnda som arbeider for vegen, reiser rundt og talar varmt for dette sambandet under fjellet mellom dei to bygdene. Eit medlemsmøte i Kvinnherad Høgre vil slutta opp om dette.
Denne saka kjenner vi godt til etter det arbeidet ei nemnd samansett av politikarar frå Etne og Kvinnherad arbeidde med for nokre år sidan. Dei to viktigaste sakene var då denne tunnelen, som Etne kjempa for, men også flytting av ferjestøet frå Skånevik sentrum til Vannes, og få ein betre veg gjennom Erslandsmarka.  Dei to siste sakene var kjepphestar for Kvinnherad-politikarane.
 
Tunnelstøtte
Det var motforestillingar mot Vannes frå Etne si side utfrå korleis det ville gå med sentrum i Skånevik og aktiviteten der om ferja vert flytta.
Dette gjeld sikkert endå, men i tillegg er det komen til at det utfrå kuturhistoriske spor kan skapa nye vanskar med å leggja ferjestøet til Vannes, som det vart hevda av Etnepolitikarane då dei la saka fram for Kvinnherad formannskap for ei tid sidan. 
Sjølv om vi gjerne vil seia frå at ferjestøet bør vera på Vannes og at Etne og Kvinnherad må ha eit langsiktig mål om dette, har Kvinnherad Høgre ingen vanskar med uavhengig av dette å støtta tunnelarbeidet i Etne: Det byggjer Etne saman, men er til svært stor nytte for kvinnheringane som skal både aust og vest etter å ha kome med ferja til Skånevik. 
 
Oppruste riksveg
Men før vi om ein del år, får tunnel under fjellet Etne-Skånevik, må kommunane Etne og Kvinnherad arbeida for at dei to-tre siste kiliometrane av riksveg 48 frå Håland til Skånevik mot Skånevik sentrum vert opprusta. Slik som vegen er her, kan ikkje ein riksveg vera. Er det noko dårlegare riksvegstykke i landet?!
Dette er ei varm Høgre-støtte til tunnel, men, Etne, syt for å få Vegvesenet til å rusta opp riksveg 48 før vi kjem så langt at arbeidet med tunnelen kan ta til.
 
 
Øyvind Utne og Torfinn Myklebust, Kvinnherad Høgre