Kyrkja er Guds hus

For oss kristne er og skal Gud koma fyrst, ingen annan skal koma før Han. […]

For oss kristne er og skal Gud koma fyrst, ingen annan skal koma før Han. Difor lyt me taka oss i vare for kva me gjer i Hans augo. I Guds augo er kyrkja Hans hus der me skal be, lovprisa Herren og verta undervist i Hans heilage ord. Kyrkja er Gud si og skal brukast til Han, me har ikkje noko å seia på det.
I ein eventuell avtale, har papira kontrakten står på ikkje nokon autoritet, for kyrkja er Gud si no. Dersom du tenkjer på kva Bibelen seier om ganske nøyakteg same sak, så vonar eg du snart skrinlegg draumen din. Eg har her to
vers som burde vera klåre nok. Eg har streka under nokre viktige ord. Det fyrste er Joh 2,14-17: «På tempelplassen såg han dei som selde oksar, sauer og duer, og pengevekslarane som sat der. Då laga han ei svepe av reip og
dreiv alle ut or heilagdomen, og sauene og oksane med. Pengane åt pengevekslarane kasta han utover og velta borda deira, og til dei som selde duer, sa han: «Bort med dette! Gjer ikkje huset åt Far min til ein marknad!».
Eg vil og taka fram verset Matt 21,13: «…,og sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til ei røvarhole».
Eg vonar du no skjønar at kyrkja er eit tempel for Gud, i morgon som i går, det kan ikkje endrast. Fyll ikkje Guds heilage tempel med synd og handel, sjølv Jesus vert sint av det.

Magnar Solheim