Kyrkja på sakskartet

Ein skuffa jubileumskomité måtte berre konstatere at forslaget om 200.000 kroner til innvendig opprusting av […]

Ein skuffa jubileumskomité måtte berre konstatere at forslaget om 200.000 kroner til innvendig opprusting av Vats kyrkje, forsvann ut av det kommunale budsjettet før jul.
— Me måtte tenkje oss om, men etter kvart seig det på med bedrifter og private som ville støtte. Soknerådet vedtok over nyttår å restaurere kyrkja innvendig, seier Olav Velde, leiar i jubileumskomiteen.
Den etter kvart nokså slitne 150-årsjubilanten har fått eit nytt løft utvendig. Ein halv million kroner skal brukast på å få den verna kyrkja tilbake til opphavleg fargedrakt innvendig.
— Viss me får pengane frå kommunen er me omtrent i hamn, kommenterer Velde.
Ny trapp
Bygdefolket har jobba med den utvendige delen av kyrkja det siste halvåret, og mange dugnadstimar har gått med.
— Det var mest arbeid med vindaugo. Dei blei tatt ned og alle smårutene i dei blei plukka ut, forklarer Velde.
Ein del panel på veggene er skifta ut, og kyrkja er måla på ny. Trappa er det også gjort mykje arbeid på.
— Den hadde sprokke opp og byrja å forvitre. No har me brukt naturstein og bygd ho opp på ny, held Velde fram.
Det elektriske anlegget er også fiksa opp, og kyrkja har fått ny vasstokk rundt det heile.
Bygdekvinnene engasjerte
— Me vil måle alt innvendig, for å få det så mykje som mogleg tilbake til dei opphavlege fargane, forklarer Grethe Halvorsen, sekretær i jubileumskomiteen.
Brukskunstnar Turid Helle Fatland og målarmeister Øyvind Matre er involverte i prosjektet. Dei har spora seg tilbake til dei gamle fargane, og Fatland har byrja å måle små prøveparti inne i kyrkja. Ho har funne fargar som står i stil med altertavla og det nye kyrkjeteppet, som Vats bygdekvinnelag vil gje i gåve. Halvorsen viser fram ei prøve på det som skal bli ein ny løpar opp heile kyrkjegangen fram til alteret. Bygdekvinnene har samla pengar frå basararrangement, og ein tekstilkunstnar har fått oppdraget med å veve teppet.
— No vil bygdekvinnelaget også sy ein ny messehakel som presten kan ha på seg, legg Halvorsen nøgd til.
Komiteen har byrja planlegginga av feiringa i september, og ei jubileumsbok skal vere ferdig til den tid. Redaktør Nils Olav Østrem er i gang med å samle både bilete, stoff med fagleg tyngde og lettare historier mellom to permar.
Forskottering av dette prosjektet, som skal vere sjølvfinansierande, blir også tema på kommunestyremøtet i morgon. Ei samla tilråding frå formannskapet seier nei til å løyve 100.000 kroner til boka, men vonleg vil kommunestyret følgje formannskapet si tilråding om å støtte den innvendige restaureringa av kyrkja.
— Politikarane frå Vats har gjort ein god jobb. Dei sleppte ikkje saka og fekk ho opp igjen, skryt Velde.
Jubileumskomiteen går friskt fram, og held møte i råd og utval samstundes med politikarane i kommunestyret tysdag. Kyrkjefolket vil nemleg sitje klar til å starte det vidare arbeidet med kyrkja straks dei får melding om vedtaket.
— Me går rett i gang. Me må søkje riksantikvaren for kvar minste ting me skal gjere, og det tar tid, seier ei spent og optimistisk Halvorsen.