Kyrkja som festlokale?

Eg knipe augo att, opnar dei igjen, nei, det står der framleis. Eg hadde håpt […]

Eg knipe augo att, opnar dei igjen, nei, det står der framleis. Eg hadde håpt at eg såg feil. Det står at Asbjørn Moe meinar det, han eller «hotellet» som han jobbar på, vil i fullt alvor bruka Gjerde kyrkje til å festa i. Skam deg. Då vil eg få spørja deg herr Moe. Har du ikkje respekt for noko lenger. Er det kun fest og atter fest som tel. Skal det ikkje vera råd å gå nokon plass lenger utan at kong alkohol skal vera med? Det ser ut som om denne sterke drikken har godt tak på mange. Eg for min del trudde nå at du hadde teke deg ein dugeleg ein før du kom i Grannar. Eg vart så opprødd då eg las det at eg hadde mest ikkje godt av det. Eg tenkte med meg sjølv: Der går grensa!
Tenkje seg til berre å tørre å seie noko slik. Det syner mangel på respekt for dei som ligg på kyrkjegarden, og for alle dei som går der å steller gravene. Du må rett sog slett skjemmast som kjem med eit slikt forslag.
Eg vil sende ei stor takk til ordførar Amund Enge som smelte døra att for dette forslaget. Det skal du ha ein bukett raude roser for. Tusen takk. Du har bygda med deg, Amund. Det er nok drikkeplasser i Etne nå. Det bør ikkje bli gitt ei einaste skjenkeløyve til i Etne kommune. Ikkje eitt! Dei som vil drikka har plenty med plassar å gå. Så mi bøn til Etne kommune er: Nok er nok.
Til deg Asbjørn Moe. Gå heller i kyrkja slik ho er i dag og vis litt meir respekt for den gamle fine bygningen som står ved sida av «hotellet» ditt!
Etter mi meining skulle du aldri hatt skjenkeløyve utforbi ein gong. Det ligg for nærme Gjerde kyrkja. Så set deg ned og tenk før du kjem med slike ønskje. Det var godt å lesa til slutt at kyrkjeverje Sigmund Harald Lunde avviser sal av Gjerde kyrkje. Nå kan eg sova trygt.
Martha Eikemo Sund