Kyrkje og samfunn

Det er ei interessant kultur- og lokalpolitisk sak om ein skal ta vare på og […]

Det er ei interessant kultur- og lokalpolitisk sak om ein skal ta vare på og aktivt nytta våre historisk viktige bygg også i framtida, og når det gjeld kyrkjebygg som elles er det viktig å sjå på alternativa. Ein har dagens ordning med store offentlege utgifter til vedlikehald av lite brukte bygg. Det offentlege kan spare utgifter ved at private aktørar tar vare på historisk viktige bygg til glede og nytte for alle. Eit tredje alternativ er at det offentlege sparar utgifter på at bygga forfell.
Problemstillinga er relevant så lenge det er offentlege midlar (populært kalla «skattebelerane sine pengar») som vedlikeheld alle desse bygningane.
Det er mange døme elles i Europa på at alternativ bruk og privat overtaking av kyrkjer har funka bra.
Det er også som nokre har kommentert mange ting å vera obs på ved ei bruksendring av eit slikt bygg, til dømes, kva gjer ein med kyrkjegarden? Den blir jo verande der den er, og på kort og mellomlang sikt kan den skiljast frå sjølve bygget med forlenga kyrkjemur, i praksis altså ikkje uteareale tilgjengeleg i det heile. Den kan leggast ned som aktiv kyrkjegard og med det på laaang sikt gå bort frå problemstillinga. Overgangen frå religiøst til ikkje-religiøst bygg reknar eg med forutset avvigsling av bygget. Religiøse symbol som alter, døypefont m.m. trengs naturlegvis ikkje i ein alternativ bruk av bygget. Det vil vera ein heil del byggmessige begrensningar grunna verna/freda bygg, men bygget er interessant som det er i dag og som alle andre eigarar av bygg med denne status kan nok også ein privat eigar av eit tidlegare kyrkjebygg leva med dette.
Sjølv om bygget vert avvigsla vil det i overskueleg framtid vera naturleg å ta omsyn til bygget si historie som kyrkje med tanke på kva arrangement ein vel å ha der. Om det ålment akseptable her vil strekka seg til kurs & konferanse, popkonsert eller ein bankett vil nok vera ein diskusjon som ikkje er over på ein dag. I første omgang handlar det vel om privat bruk og vedlikehald er eit alternativ til offentleg pengebruk/forfall på nokre av kyrkjebygga.

Asbjørn Moe,
fungerande dagleg leiar Fugl Fønix