Sigurd Stødle frå Etne hadde nyleg eit lesarinnlegg i Grannar der han oppmoda om at alle som ynskte å sjå ei opplyst Stødle kyrkje i mørketida, kunne setje inn pengar på ein konto som han hadde oppretta i Etne Sparebank.
Pengane har strøymd inn, og i dag er det nær åtte tusen kroner på kontoen. Om lag halvparten av desse kom inn gjennom eit kyrkjeoffer. Lysa vart igjen tende, og det er òg kome inn såpass mykje pengar at kyrkjeverje Harald Sirnes vurderer å byte ut lampane med nyare og meir energisparande modellar.
På spørsmål frå Grannar opplyser Harald Sirnes at det kostar om lag 1.500 kroner per år å lyse opp kyrkja. Men det verste er ikkje at kyrkjene ligg i mørkre, men at ingen av kyrkjene har alarm som er påkopla. Den vart slått av for over to år sidan. Grunnen er at kommunen ikkje har råd til alarmutgiftene.
Utan sikring
— Me har fått beskjed av Kyrkjeleg fellesråd om å kutte ut alt som ikkje er heilt nødvendig. Lys på kyrkja på kveldstid er blitt slått av, og i to år har Gjerde, Stødle og Grindheim kyrkjer vore utan alarm. Desse verneverdige kyrkjene står heilt utan sikring ved eventuelle innbrot eller brann, seier Harald Sirnes.
Initiativtakaren bak kronerullinga til flomlys, Sigurd Stødle, vart minst sagt overraska då han fekk høyre at alarmane i kyrkjene har vore av i to år.
— Eg forstår ikkje kvifor innsparingane i kommunen skal ramme kyrkja så hardt. Eg har òg høyrt snakk om at det kan bli slutt på orgelmusikk ved gravferder. Ein skulle tru at desse pengane kunne vore sparde inn andre stader. Gravferdene er det siste dei burde spara inn pengar på, det er trass alt noko som me alle vert berørte av, seier Sigurd Stødle.
Ny alarm installert
Som følgje av kyrkjebrannane for nokre år sidan, blei det nærmast påbode å installere alarm i kyrkjene over heile landet.
— Det vart installert eit flunkande nytt alarmsystem i Etne-kyrkjene for sju-åtte år sidan. Det er heilt tragisk at me ikkje har pengar nok til å setje denne velfungerande alarmen på, seier kyrkjeverje Harald Sirnes.
Fellesrådet sitt ansvar
Ordførar Amund Enge er kjend med at alarmen er kopla frå i kyrkjene, og viser til at det er Kyrkjeleg fellesråd som har gjort vedtak om å skru av alarmen.
— Fellesrådet er som alle andre i kommunen ansvarleg for å ha eit budsjett i balanse, seier Enge.
— Men sjølv om Kyrkjeleg fellesråd formelt har sitt eige budsjett å halda seg til, er det vel kommunen som til sjuande og sist har ansvaret for at kyrkjene er forsvarleg sikra? Kan du som ordførar berre godta at alarmen er slått av i dei gamle kyrkjene?
— Som sagt er det fellesrådet som har gjort vedtaket og eg meiner ansvaret ligg på dei. Dei har fått pengar både til ny grasklyppar på kyrkjegardane og anna utanom budsjettet mange gonger, legg Amund Enge til, og seier det handlar om prioriteringar.
I juni 2003
Det var på møte i juni 2003 Kyrkjeleg fellesråd vedtok å kutte 45.000 kroner til vedlikehald alarmanlegg i kyrkjene, Dåverande kyrkjeverje Harald Sigmund Lunde meinte på si side at den økonomiske situasjonen, med underskot i fleire år, var slik at fellesrådet saman med sokneråda burde sjå på heile verksemda til kyrkja. Han ville at fellesrådet skulle ta kontakt med Etne kommune om deira ansvar for ei forsvarleg drift av kyrkja. Men hans forslag blei forkasta. I staden vedtok fellesrådet ei liste med nedskjeringar, der mellom anna utgifter på 45.000 kroner til vedlikehald av alarmanlegg blei stroke.
Kyrkjene utan alarm
Sigurd Stødle frå Etne hadde nyleg eit lesarinnlegg i Grannar der han oppmoda om at […]