Kysten som vinnar

På gode andre- og tredjeplassar kjem Tysvær og Karmøy, med Karmøy som den store vinnaren […]

På gode andre- og tredjeplassar kjem Tysvær og Karmøy, med Karmøy som den store vinnaren i talet på innbyggjarar. Når ein legg saman Stord, Bømlo, Fitjar, Sveio og Karmøy har dei hatt ein samla auke på over 30 000 innbyggjarar. Det vil seia folketalet i ein middels stor by her i landet. Industrikommunane Odda og Sauda framstår som dei store taparane. I løpet av dei same 40 åra har kvar fjerde odding forsvunne frå den gong industribyen innst i Sørfjorden talte 10 000 innbyggjarar.

Når me les dei tørre tala på denne måten, verkar det unekteleg sterkt på oss. Men ved nærmare ettertanke er dette ei utvikling som me har sett i lang tid og tala burde såleis ikkje overraska nokon. Men 40 år er mange dagar og mange veker. Dette er ikkje noko som har skjedd over natta. Den negative utviklinga i innlandskommunane, spesielt i Hardanger og Ryfylke, har me sett lenge. Både Odda og Sauda har i mange omgangar kjempa for bedriftene og arbeidsplassane i dei to industrikommunane. Sjølv om dei har vunne litt, har motgangen og tapa vore størst. Nå sist Odda med nedlegging av hjørnesteinsbedrifta Odda Smelteverk.

På den andre sida har me følgt med på den positive utviklinga i kystkommunane. Her er det ikkje minst oljeeventyret som har slått ut. Det er på desse 40 åra Noreg har blitt ein oljenasjon. Såleis er det både rett og rimeleg at kommunane i fjøresteinane til der oljerikdommane blir ausa opp, skulle ta del i den eventyrlege rikdommen.
Men det er ikkje like flust med arbeidsplassar verken i Nordsjøen eller ved skipsverfta langs kysten lenger. Det er lenge sidan nedtrappinga starta. Er me førebudde på den nye tida? Korleis vil dei neste 40 åra bli? Det burde oppta oss før me les dei tørre tala i ein offentleg statistikk.