Kystkultur i Sandeid fann på ein annan vri. Dei sette opp 24 plakatar plassert på 12 plassar rundt heile bygdahuset, pepra med stiftar.
Underteikna såg seg mektig lei på dette og kontakta lensmann Ingvar Gjærde laurdag 16/6 på kystkulturdagane i Sandeid. Eg spurte han kven det var som hadde sett opp plakatane ved Imsland bygdahus, men det ville han ikkje svara på. Eg fortalde han då att det var sett opp 24 plakatar, fordelt på 12 plassar rundt bygdahuset, og svaret hans var følgande. «Den kjøper eg ikkje, det skal berre vera slik».
Eg spurde han kven som skulle taka ned plakatane, men dette fekk eg ikkje svar på, han forsvann fort i folkemengda.
Lensmann Ingvar Gjerde; dette utførte du klønete. Eg hadde faktisk forventa noko meir positivt av lensmannen i Vindafjord når me i desse tider attpåtil er opptekne av miljø. Til slutt kan eg nemna at alle plakatane og stiftane er fjerna av underteikna på ca. 1 time. Det er ikkje mykje å forlanga om kystkulturdagane i Sandeid sender Imsland Bygdahus 1000 kroner for tort og svie.
Lars L. Steinsland
Vaktmeister ved Imsland Bygdahus