— Kampviljen lyser i augo dykkar, sa lokallagsleiar Berit Mortveit Listog i Utdanningsforbundet Vindafjord då ho møtte eit fullsett helsehus i Ølen under demonstrasjonsstreiken torsdag. Saman med hovudtillitsvald, Thorleif Svanæs orienterte ho lærarane om korleis dei ville markere seg.
Svanæs hadde brukt føremiddagen til å skrive seg ut av frustrasjonen, som han delte med lærarane.
— KS vil innføre kontortid, før dei har bygd kontor, sa han mellom anna, og understreka på denne måten kor uklår situasjonen er.
Etter samlinga gjekk lærarane i samla flokk til kommunehuset der dei leverte eit opprop til ordførar Arne Bergsvåg.
Frustrerte
Lærarane gjekk ikkje til politisk streik for å få høgare løn, men for arbeidstidsordninga til lærarane. I ei ny avtale vil KS fjerne alle normer når det gjeld kor lang undervisningstid ein lærar skal ha.
— Vi må vite kor lang tid vi skal vere i klasserommet, og kor lang tid vi skal ha til å førebu oss. Når KS ikkje lenger vil skilje mellom undervisning og andre oppgåver på skulen, som tilsyn, møte, førebuing og vakt, vil det skape ein unødig frustrasjon som ikkje vil fungere i det presset vi har i dag. Skjerma tid til før- og etterarbeid er eit grunnleggjande vilkår for å kunne driva profesjonell undervisning, seier Listog.
Ho nemner også meirarbeidet det vil bli for rektorane å administrere dette.
— Når det skal vere opp til kvar kommune korleis arbeidstida til lærarane skal organiserast, vil dette føre til nedskjeringar, større press og lokale reglar, og føre til ein dårlegare skule, seier Thorleif Svanæs og Berit Mortveit Listog.
Tid på skulen
I 2004 vart forhandlingsansvaret for lærarane flytta frå staten til kommunane. KS vart med det forhandlingsmotpart. Partane vart i 2004 samde om at lærarane skulle vere meir av arbeidstida si på skulen, og ha mindre høve til arbeid heime. Den utvida tida på skulen, skulle mellom anna føre til meir tid til før- og etterarbeid, som skulle gi betre undervisning. Dette seier lærarane at dei ikkje har fått. Tvert imot går mykje av den utvida tida med til fleire møte, meir papirarbeid og meir byråkratisering, meiner dei.