Lærarassistent føler seg misforstått

— Etter at eg torsdag fekk lesa opp igjen forklaringa eg gav til politiet tysdag, […]

— Etter at eg torsdag fekk lesa opp igjen forklaringa eg gav til politiet tysdag, såg eg at den var til å misforstå, seier assistentlæraren til Grannar.
— Det var aldri mi meining å gi eleven narkotika. Det han fekk av meg var Omega 3-kapslar av typen Eye Q og to sigarettar som eg hadde laga av urter. Men eg innrømmer at eleven nok trudde det var narkotika han fekk etter som det var det han hadde bede meg skaffa seg, seier assistentlæraren.
Utanom skuletida
Det var sist torsdag saka blei offentleg kjent, først gjennom to nettaviser i hovudstaden. Lærarane og elevane ved Ølen vidaregåande skule blei same dag informerte om saka.
I følgje politiet hadde ein lærarassistent ved Ølen vidaregåande skule i politiavhøyr tilstått at han ved to ulike høve hadde gitt marihuanasigarettar (joints) til ein elev han hadde læraransvar for. Både politiet og assistentlæraren understrekar at stoffet blei levert eleven utanom skuletida, og at det ikkje var snakk om nokon debut for vedkommande elev.
Assistentlæraren blei tilsett ved Ølen vidaregåande skule etter nyttår for å vera assistent i ein klasse for elevar med åtferdsproblem. Han har nå sagt opp stillinga, men seier sjølv at det ville han gjort uavhengig av denne saka.
Rettssak
Lensmann Ingvar Gjærde ved Vindafjord lensmannskontor, opplyste først at det ville bli avsagt tilståingsdom i forhøyrsretten. Men etter at den sikta ikkje lenger vedstår seg forklaringa han gav i politiavhøyr, vil saka gå vidare i rettsapparatet.
— Eg kjem aldri til å godta ein dom i forhøyrsretten. Eg vil til botn i denne saka og har skaffa meg advokat. Eg vil at alle relevante opplysningar skal komma fram i retten, seier assistentlæraren til Grannar. Han seier saka har vore ei stor belastning, ikkje minst for familien hans.
Politoverbetjent Arild Austrheim ved Vindafjord lensmannskontor, som etterforskar saka, seier at saka nå vil bli vurdert vidare juridisk og at ho ikkje blir avgjort i forhøyrsretten.