Lærer foreldre hesteskikk

— Foreldre har gjerne jenter som har gått på ridekurs, så seier jentene at dei […]

— Foreldre har gjerne jenter som har gått på ridekurs, så seier jentene at dei vil ha ein hest og foreldra kjøper etter lommeboka, det vil seia ein billeg hest, ofte ein avdanka travar. Det kan gå bra, men sjansen for at det går galt er stor, seier Martin Aeschlimann.
Aeschlimann er utdanna sivilagronom og jobbar deltid ved hestelinja ved Tveit vidaregåande skule i Nedstrand. Han har jobba med hest i 26 år.
14. og 15. januar tilbyr han kurs for nye hesteeigarar og foreldre med hestefrelste ungar. Kurset tar blant anna for seg hesten si åtferd, kommunikasjon med hesten, stell og fóring.
— Når ungane går på ridekurs, lærer dei lite om fóring og hesteåtferd. Kurset passar for alle som treng grunnleggande kunnskapar om hest, seier Aeschlimann.

Hindra ulykker
— Korleis hjelper dette kurset foreldra?
— Viss foreldra forstår litt meir om hest, kan dei følgja betre med på ungane sin hobby. Kurset vil gi foreldra betre innsikt i det som har med hest å gjera, seier han.
For Aeschlimann dreier kunnskapen seg også om tryggleik og å førebygga stygge ulykker. Han meiner det er viktig at foreldra har kunnskapar om hest for å velja rett hest til barna sine. Han ber hestekjøparar om å velja med hovudet, ikkje med hjarta.
— Viss du kjøper bil til ungen din, går du på EU-kontroll med bilen, men foreldre kjøper hest til ungane sine utan å sjekka bremsar i det heile tatt. Dei ser ikkje om det ligg ei bombe under panseret, seier han.

Spennande
Aeschlimann tar imot «problemhestar» og akkurat nå har han ein nordlandshest på garden.
— Dei taktene ho hadde, er på veg bort. Dette blir ein bra hest, men dei som kjøpte hesten har sikkert fått litt dårlege opplevingar som kunne vore unngått, viss dei hadde hatt meir kunnskapar, seier Aeschlimann.
Nå er han spent på responsen til kurset.
— Folk er ikkje vane til eit slikt tilbod så det er litt spennande om det vil slå an i heile tatt, seier Aeschlimann, som ikkje kjenner til at nokon har halde liknande kurs.
Utover våren har Aeschlimann også fleire kurs på programmet: Stell av barfothestar med hovslagar René Bratland, horsemanshipkurs og innkjøring av hestar.