Lærer naturfag i praksis

Eit teknotek er ei samling med læremiddel som får elevane til å sjå korleis naturfag […]

Eit teknotek er ei samling med læremiddel som får elevane til å sjå korleis naturfag er i praksis. For halvtanna år sidan hadde Vågen skule besøk av eit reisande teknotek, og det var då frøet til prosjektet vart sådd.
— Målet med eit sånt teknotek er at elevane skal få prøve naturfag i praksis på eiga hand, og dermed få augene opp for desse spanande faga, seier rektor ved Vågen skule, Guri L. Ravatn.

Interesserte elevar
Då dørene til teknoteket vart opna, strøymde ungane til, og det verka som dei syntest at innhaldet var svært interessant.
— Desse har me jo prøvd før. Kva er dette for noko? Kveitemjøl? Kva i all verda gjere det inni skapet? Det var mange synspunkt på kva teknoteket inneheldt.

Støtta av næringslivet
For å realisere draumen om eit eige teknotek, måtte rektor Guri L. Ravatn søkje etter støtte. Og det fekk ho. Skånevik Ølen Kraftlag (SØK) sponsa skulen med 10 000 kroner.
— Det er eit svært viktig satsingsområde i den norske skulen, sa Kristoffer Vannes.
Også Vassnes Elektro medverka til prosjektet og gav skulen ein del materiell.
— Realfag har mykje å seia i samfunnet og det er viktig å skapa interesse. I ei bygd som Ølensvåg er det viktig for bedriftene at elevane interesserer seg for realfag, seier Guri L. Ravatn