Lærling i superklasse

I ein nasjonal konkurranse der det var om å gjere å få det beste resultatet […]

I ein nasjonal konkurranse der det var om å gjere å få det beste resultatet med fargeproduktet Elumen, gjekk tre av dei tretti beste vidare til ein europeisk finale i Berlin. Blant desse tre var sandeidjenta Kristine Steinnes (19). Ekstra oppsiktsvekkjande er det at Kristine som ikkje kan kalla seg frisør, går bort og dankar ut frisørar som har jobba i bransjen i både ti og tjue år.
Nest best i Noreg
Med seg i kofferten frå Berlin hadde Kristine med seg sikre bevis på at ho er den som utfører Elumen-farging nest best i kongeriket; ein flott plakett og ei superstor champagneflaske som enda ikkje er spretta. I tillegg står det svart på kvitt med flotte bilete av frisyren ho vann med i eit hårmagasin, som alle frisørar som bruker merket Goldwell kjem til å ha i hylla si. Ikkje rart at sjefen til Kristine smiler frå øyre til øyre.
— Kristine er knallflink, og ho har gjort ein kjempejobb i denne konkurransen, seier Siri Marie Jamne Holi, innehavar av Siri M. Hårstudio i Skjold.
Konkurransen byrja med at deltakarane skulle farge ein sjølvvalt modell og ta bilete av resultatet. Bileta vart sende inn til ein jury, som avgjorde kva tre bidrag som var best utførte.
— Eg fiksa opp den fotogene veninna mi Heidi Haugland, og valde å gå til fotograf Jan Nordtveit for å ta bileta. Utan dei knalltøffe bileta han tok, trur eg neppe eg hadde komme så langt, seier ho.
Glitter og glamour
Med seg til Berlin hadde ho den norske vinnaren Anita Nordtveit Ekrene frå Haugesund og Marit Gunn Dalland frå Tysnes, samt Goldwell sin representant i Noreg, Harald Osaland frå Hommersåk.
Sandeidjenta, som først i juni neste år kan ta fagbrevet, fekk minne for livet i Berlin.
— Me fekk dekka både reise og hotell av leverandøren vår Goldwell. Og på laurdagskvelden var det gallamiddag med skikkeleg glitter og glamour, det var då me fekk vita kven av oss norske som vann, seier ho.
Deltakarane vart ikkje rangerte internasjonalt. Dei fekk berre vite førsteplassen, og den gjekk til Nederland.