Lærte om filmskaping

Det var elevane frå sjuande til tiande klasse, pluss medielina ved den vidaregåande skulen, som […]

Det var elevane frå sjuande til tiande klasse, pluss medielina ved den vidaregåande skulen, som var med på eit kinoprosjekt i samband med Den store skulekinodagen. Ikkje berre fekk dei sjå filmen «United», dei fekk også høyre korleis arbeidet med filmen hadde gått føre seg. Mange av elevane fekk også sikra seg autografane til dei to filmskaparane.
For etter suksessen med «United», som vart tatt opp i Etne, kjenner nok mange ei tilknyting til filmen, og dei som stod bak.

Samarbeid med skulen
Kinosjef Berit Rafdal fortel at kinoprosjektet var eit samarbeid med skulane. Etne Kino hadde fått tak i hovudpersonane, som bygde det dei skulle formidla rundt «United». Etter filmframsyninga, fekk elevane kome med spørsmål, noko dei nytta seg av.
Dei ville ha tips om korleis ein lagar film, og fekk til svar, at start med å lage noko morosamt.
Elles understreka både Marius Martens og Håvard Lilleheie at det er lurt å jobbe godt med historia filmen skal bygge på.
— Tenk ut historia frå A til Å. Tenk karakterar, gjer unna det kjedelege skrivearbeidet først. Om filmen er kort eller lang, er dette like viktig, sa dei.
Dei vart også spurt om korleis dei hadde likt seg i Etne under innspelinga. Her fekk elevane eit samstemt svar:
— Etne var berre heilt fantastisk. Men det viktigaste med ein stad er folka som bur der, og her var det masse hjelpsame folk, som medverka til at filmen vart så vellukka, sa dei.
Elevane var også opptekne av skodespelarane, og korleis dei har det i dag.
Eit av spørsmåla som gjekk igjen var kvifor Håvard Lilleheie ikkje snakkar vestlandsk i dag, i og med at han gjorde det i filmen?
— Då eg spelte i filmen, måtte eg lære meg å snakke dialekt. Eg begynte å øve meg to månader før filminnspelinga tok til. Det er ikkje naturleg å snakke slik i dag, forklarte han.

Fødd til rolla
Håvard Lilleheie har rett nok budd på Stord fleire år, frå han var sju til 14 år, men både før og etter har han budd austafor. Dette gjer at han har ei solid austlandsdialekt i seg.
Anna, og korleis ho har det, vart det også spurt om. Ho er austafor med forskjellige oppgåver blant anna med musikkprogram i Kanal 24, fekk vi vite.
Med Sondre Sørheim i salen ville elevane vite korleis samarbeidet med han hadde vore.
— Han var født til rolla si. Det var ein fest å jobbe med Sondre. Han er ein kjernekar, slo dei to fast.
Både Håvard Lilleheie og Marius Martens er i dag opptekne med film og teater på kvar sine måtar. Lilleheie startar med eit sceneshow i Oslo i april, og Martens er blant anna i gang med å lese Gunnar Stålesen sine bøker om Varg Vedum, som skal ende opp som spelefilm.